nyhende
Samfunnet sin timeplan skapar A-og B-lag
Me er alle fødde med ein biologisk døgnrytme, og B-menneske som lever i utakt med si indre klokke er meir sårbare for både infeksjonar, kreft, overvekt, type 2 diabetes, hjartesjukdom og depresjon.
— Jo meir vi lever i takt med den indre klokka vår, jo betre fungerer vi. Likevel blir mange tvinga til å avbryte søvnen for å gå på jobb eller skule. Det har ikkje berre alvorlege kostnadar for helsa og prestasjonane til den enkelte, men også for samfunnet. Og slik kan det jo ikkje vere.
Sivilingeniør og forfattar Camilla Kring kjem nesten gjennom Teams-skjermen frå kontoret sitt i København, der ho dei siste tjue åra har leia B-Samfundet, som i dag har 10.000 medlemmer i 50 land. Kring har doktorgrad i balansen mellom arbeidsliv og privatliv, og har mellom anna skrive boka «Jeg er B-menneske – Kampskrift for et samfund, der understøtter alle døgnrytmer»
— Vi har alle ei indre biologisk klokke, og dei er ulikt innstilte frå fødselen av. Vi er anten genetisk disponert for å vere opplagde om morgonen eller kvelden. Nokre sovnar og står opp tidleg, medan andre sovnar og står opp seinare. Om du er A- eller B-menneske er derfor ikkje noko du vel sjølv. Det er heller ikkje slik at om eit B-menneske berre legg seg tidlegare, så vil det automatisk stå opp tidlegare, slik mange trur, seier ho.
All makt til A
Vitskapen om livsrytmar kallast kronobiologi, og byggjer mellom anna på forskinga til den tyske professoren Till Roenneberg. Han har studert døgnrytmen til over 300.000 menneske, og kome til at mellom 15–25 prosent av oss er ekstreme B-menneske, og 10–15 prosent ekstreme A-menneske. Resten er lettare versjonar av A, B eller noko imellom. B-menneske søv ikkje meir enn A-menneske, men fordi den biologiske døgnrytmen deira er forseinka, har dei lågare kroppstemperatur og mindre kortisol tidleg på morgonen og treng lengre tid for å komme i gang. B-menneske er først på sitt beste prestasjonsmessig rundt fire timar seinare enn A-menneska.
Likevel er det altså A-menneska sin rytme som har fått bestemme tidsskjemaet samfunnet er innretta etter, påpeiker Camilla Kring. Konsekvensen er at om lag 70 prosent av befolkninga opplever over ein times forskjell mellom si biologiske klokke og den såkalla sosiale tida, det vil seie tida skular og arbeidsplassar er organiserte etter.
Sosial jetlag
Gapet mellom biologisk tid og sosial tid kallast sosial jetlag. 1/3 av oss lir ifølgje Roenneberg av meir enn to timars sosial jetlag. På ein arbeidsplass kan det bety at A-menneske har sin beste arbeidsflyt når B-menneska kjem på jobb og forstyrrar dei, og motsett. Om vi blir avbrotne i ei oppgåve, kan det ta lang tid å komme tilbake til utgangspunktet – og då går også produksjonen ned. At kjernetida tilsynelatande er fleksibel, hjelper heller ikkje alltid B-menneska, om faste møte startar allereie klokka 9. Det er difor Kring ivrar for mykje meir fleksible arbeidstider:
– Mange sjefar opererer framleis etter prinsippet «eg ser deg, altså jobbar du – og eg ser deg ikkje – altså jobbar du ikkje». Eg har kursa mange verksemder som har gjeve sine tilsette tillit, og som oppdagar at dei tilsette tek uvanleg stort ansvar sjølv om medarbeidarane ikkje jobbar til same tid og i same rom.
B for bortgløymd
Det er likevel den einskilde si helse og livskvalitet som bekymrar Kring mest. Då forskarar i 2012 gjekk gjennom fleire hundre studiar av kva ulike døgnrytmar inneber, var den korte oppsummeringa at det å vere B-menneske gir auka risiko for sjukdom. I ein studie frå Boston fann forskarane at friske deltakarar som fekk søvnen skuva fram éin time kvar dag, etter tre veker utvikla teikn på tidleg diabetes og fekk kvileforbrenninga redusert med 8 prosent. Gjennom eit år ville det ha medført ein vektauke på over 5,5 kilo.
Då forskarar i Nederland og Tyskland analyserte eit sjølvrapporteringssett med data frå 65.000 europearar , fann også dei at sosial jetlag i stor grad auka sannsynet for å tilhøyre gruppa av overvektige. Også ein studie frå universitetet i Pittsburgh fann ein samanheng mellom sosial jetlag og insulinresistens, mindre av den gode typen kolesterol, høgare nivå av triglyserid og høgare BMI. Samanhengane var tydelege også etter at forskarane hadde justert for åtferd som trening, røyking og alkoholbruk.
– Ulike studiar frå rundt om i verda syner det same: B-menneske som lever i utakt med den biologiske klokka si både er meir sårbare for infeksjonar, kreft, overvekt, type 2 diabetes, hjartesjukdom og depresjon. B-menneske har faktisk 10 prosent større risiko for å døy for tidleg samanlikna med A-menneske. Årsaka er altså den sosiale jetlagen B-menneske lever med, og ikkje døgnrytmen i seg sjølv, seier Kring, og syner til ein stor studie frå Northwestern University i Illinois i 2018.
Trøytte typar
Men kva med ungdomar som jamt over er B-menneske, spør du kanskje no, viss det er slik at den biologiske klokka ikkje lét seg stille? Forklaringa ligg truleg i at kjønnshormonet testosteron aukar kraftig hjå både gutar og jenter i pubertetsåra, og at det er påvist ein samanheng mellom høgt testosteron og det å vere B-menneske. Nivået av testosteron toppar seg i slutten av tenåra, før produksjonen søkk gradvis og stabiliserer seg.
– I dag er det altfor mange unge menneske som oppnår dårlegare skuleresultat enn dei har potensial til, fordi dagens system diskriminerer B-menneske. Eit fleirtal av alle elevar gjer det betre med seinare skulestart og eksamen seinare på dagen, seier Camilla Kring, som også her lener seg på internasjonal forsking.
Alle leverer betre
I 2018 vart forseinka skulestarttidspunkt undersøkt i Seattle skuledistrikt i USA. Ved å utsette starttida på ungdomsskulen med nesten ein time om morgonen, fann forskarane at elevane i snitt sov 34 minutt meir kvar natt, hadde betre oppmøte og at medianen i karakterar auka med 4,5 prosent.
Det samsvarar med funn forskarar gjorde alt i 2014 blant nederlandske vgs-elevar som hadde hatt eksamenar mellom klokka 8.15 og 15.00. Alle hadde fylt ut eit spørjeskjema for å berekne den biologiske klokka si, og elevane si indre klokke og det eksterne prøvetidspunktet vart deretter vurdert opp mot skuleprestasjonane.
Seinare skulestart
B-elevane hadde dårlegare karakterar enn A-elevane når dei hadde eksamen klokka 08.00 om morgonen, men det var ingen skilnad i karakterar når prøva var lagt til klokka 14.00. Hjå A-elevane var mønsteret omvendt. Generelt forsvann gruppeskilnaden i karakterar mellom klokka 12.45-15.00.
Mange studiar har altså vist at seinare skulestart fører til betre oppmøte, høgare testresultat og lengre søvn, men få har testa seinare starttid enn kl. 09.00. I ein fire år lang studie undersøkte britiske forskarar skulestart kl. 10.00 for elevar mellom 13 og 16 år. Resultatet var lågare sjukefråvær og betre karakterar. Over to år gjekk sjukefråværet til dømes ned med 50 prosent. Då elevane måtte starte kl. 08.50 att, gjekk fråværet opp att med 30 prosent.
Like produktive
– B-menneske er like produktive som A-menneske, men det er altså ikkje tidleg på morgonen dei presterer og leverer best. B-menneske blir slik sett dobbelt ramma; dei blir stressa av å vere i utakt med samfunnet – og får også jamt over for lite søvn og blir sjuke av det, seier Camilla Kring, som minner om at større fleksibilitet også vil kome fellesskapet til gode:
– Heile samfunnet er tent med at både innlæringsevne, motivasjon og prestasjon blir auka og at folk får betre helse. Og den enklaste og rimelegaste måten å gjere det på, er å la folk få jobbe og leve i takt med den biologiske klokka si.