nyhende

Monica Vandaskog Valen og Lars Einar Hollund
Lars Einar Hollund stilte som ordførarkandidat for Sveio Høgre, medan Monica Vandaskog Valen var Sveio Senterparti sin 3. kandidat i årets kommuneval. Nå har dei fått heilt nye roller.

Saman vil dei styra Sveio i fire år

Monica Vandaskog Valen (Sp) og Lars Einar Hollund (H) har saman sikra seg den politiske toppen i Sveio. No gler dei seg til å ta fatt på jobben.

Publisert Sist oppdatert

Fredag morgon annonserte dei det. Sveio kan venta seg eit politisk skifte dei neste fire åra. Saman med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne har Senterpartiet i Sveio sikra seg fleirtalet dei trengte for å ta makta frå Arbeidarpartiet.

Flest personstemmar

– Dette kom litt ut av det blå for mange, er du førebudd på dette?

– Ja, det var vel litt overraskande, ler Monica Vandaskog Valen.

Vandaskog Valen forklarar at Sveio Senterparti tidligare i år avtalte at det var den kandidaten som fekk mest personstemmer som skulle bli ordførar, dersom det nå skulle skje. 

Med 103 personstemmar og 23 slengjarar blei det verken 1. eller 2. kandidat på lista, men 3. kandidaten: nemleg 36-åringen frå Valevåg.

– Korleis tok familie og kollegaer det når du plutseleg skulle bli ordførar?

– Dei blei veldig glad på mine vegne, fortel ho.

Vandaskog Valen er gift og har tre barn, ein gut og to jenter.

Ett års politisk erfaring

Ho jobbar til dagleg som senior-inspektør i Arbeidstilsynet i Haugesund. Enn så lenge. No blir det lovfesta permisjon i fire år.

– Eg er audmjuk og veldig spent på dei nye oppgåvene, og tar det med veldig mykje glede og spenning. Eg tar det elles med ro. 

Ho føler seg godt rusta for jobben, trass i at ho melde seg inn i politikken så nyleg som i fjor.

– Eg har arbeidserfaring eg kan trekka med meg, både offentleg og privat. Eg kan sjå ting med andre auger, seier ho.

Nå ser ho fram til å setta i gong.

– Eg gler meg til å læra nye ting, og få til eit godt samarbeid med desse partia, få til bra ting for kommunen og treffa dei som bur i kommunen og næringslivet.

– Integritet er viktigast

Med seg på laget har ho ein som dei fleste i Sveio kjenner til, anten gjennom politikken eller diverse andre foreiningar, Lars Einar Hollund. Han forsvarar Vandaskog Valen til dei som måtte meine ho ikkje har nok erfaring.

– Det same skjedde for rundt 16 år sidan på Stord med Liv Kari Eskeland. Ho hadde ikkje noko spesielt med erfaring då ho blei ordførar der, men det gjekk heilt fint med ho. I dag er ho stortingsrepresentant. Alle har vore ferske på eit tidspunkt. Monica sit jo ikkje åleine. Mange vil framstilla det som at ein må vera konsernleiar eller ha 10 års politisk erfaring, men eg meiner det viktigaste er at du har integritet og samarbeidsevner.

Fekk varaposisjon

Hollund stilte sjølv som ordførarkandidat for Høgre, men skal me tru 63-åringen sjølv, er det ikkje så verst å bli varaordførar heller.

– Eg syns det er veldig bra. Det er ein ypperleg posisjon til å få utøva god politikk. Me byrja samarbeidet med desse partia allereie for fire år sidan, og me har klart å samarbeida så godt fram til no. Det er ingenting som er ukjent. Me ser fram til dette. Føler oss rimeleg trygge på at dette vil gå bra, basert på erfaring me har frå opposisjon, seier han.

Hollund kjem frå Våga og jobbar til dagleg som prosjektleiar for diverse firma. Han er gift og har tre barn, to gutar og ei jente. Han har i motsetning til Vandaskog Valen vore aktiv i politikken i Sveio i heile åtte år.

– Kva gledar du deg til, no som du skal bli varaordførar?

– Eg gledar meg til å treffa masse nye folk og få sving på Sveio. Me vil få jobba vidare med ein del av desse prosjekta, som basseng og fleirbrukshall, sentrumsplan og kommuneplan. Samt Rophusvegen som me har venta på i 10 år, seier han.

Fargerikt samarbeid

Den nye ordføraren er absolutt nøgd med det fargerike politiske samarbeidet dei no har sikra seg.

– Det er eg veldig positiv til,  me har hatt samarbeid tidligare som har fungert veldig bra så nå jobbar me vidare ut i frå det. Det viktigaste er at det er samlande og at me tenkjer på heile kommunen under eitt, seier Monica Vandaskog Valen.

Arbeidarpartiet fekk som kjent 28,4 prosent av stemmene i årets kommuneval. Samarbeidsavtalen som no er blitt gjort mellom Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne gir dei fire partia ei stor oppslutning. Det fører til at Høgre får leia hovudutval oppvekst og kultur og hovudutval teknisk og næring. Leiarvervet i hovudutval helse og omsorg blir gitt til opposisjonen.

– Kva tenkjer du om at koalisjonen dykkar no skyv til side Arbeiderpartiet, til trass for at dei fekk flest stemmar?

– Politikken består mykje av å samarbeida, då laga Senterpartiet eit samarbeid der me får eit fleirtal, avsluttar ho.

Denne artikkelen vart først publisert i papiravisa 19. september 2019, og er lagt ut på nettavisa med korrekt dato for historikken sin del.

Powered by Labrador CMS