nyhende

Saman om å utnytta Ryvardsmarka som kulturlandskap

Av nær 1,3 millionar kroner, er vel 750 000 kroner blitt brukt til rydding av linjer, gjerdemateriell, oppsett av gjerder, hegner og portar. Fem ulike gjerdetraséar har blitt sett opp. Det er lagt til rette for praktisk fellesutnytting. Totalt er det sett opp 5 250 meter gjerdelinje medrekna hegner. Prosjektet har også betalt for to ferister og grind på vegen ut til fyret.

Publisert Sist oppdatert

I 2005 blei Ryvardsmarka kartlagt av botanikar Bjørn Moe og vurdert som «viktig». Attgroing var då tydeleg og sterkare beitetrykk blei tilrådd.

Kommunen starta arbeidet med å kartlegga grunneigarane. Organisert fellesbeite og nye gjerde måtte til for å ta vare på det opne landskapet. I 2009 blei det laga kostnadsoverslag. Men først då kystlynghei fekk status «utvald naturtype» opna det for finansiering av eit så stort prosjekt.

Sauebonde Torbjørn Larsen har vore pådrivar for meir aktiv bruk av marka. Geir Ragnhildstveit, Sveio kommune og Annlaug Fludal, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, har vore dei viktigaste støttespelarane.

Brannen

Ein villbrann i 2012 sette fart i arbeidet. Rundt 2 300 mål kystlynghei blei svidd av i ein ukontrollert brann som starta i ei vik nord for fyret og brann av store delar av den sørlege Ryvardsmarka.

Inngjerding av Ryvardsmarka hadde vore tema lenge, men brannen endra beitemønster for dyra som gjekk i området og behov for gjerde auka. Torbjørn Larsen sine 100 vinterfôra sauer var dei einaste som stod klar til å beita på delar av branntomta året etter.

Langdrygt, men kjekt

Geir Ragnhildstveit i landbruksforvaltninga har vore den viktigaste drivkrafta for å få prosjektet i mål. Han og andre tilsette i kommunen har lagt ned mange arbeidstimar som ikkje kjem fram i kostnadsoversikta.

– Sjølv om det har vore mykje arbeid, har det vore kjekt også. Internt på huset er me stolte av prosjektet, og me har lagt vekt på å etablera kontakt med dedikerte folk som ville vera med, til dømes Haugesund Turistforening som er med og utviklar heile Ryvarden-området.

Beitelag

Ryvarden beitelag har inngått avtale med alle grunneigarane. Drivarar i det 4 400 dekar store fellesbeitet er Torbjørn Larsen (leiar), Jeroen Bode, Egil Misje og Arild Hanesand. Totalt kan dei ha 125 villsau på heilårsgang i Ryvardsmarka, fordelt på 30 dyr kvar.

Då lyngen blei svidd av etter brannen i 2012, kom det opp mykje gras, som lett kunne blitt dominerande og fortrengt lyngen dersom ikkje villsauene hadde beita på dei nysvidde områda. Av skjødselplanen går det fram at lyngen må brennast med jamne mellomrom, og ha dyr på heile området.

– Det er ikkje stor økonomisk gevinst, men kulturlandskapet blir skjøtta, og det er eit viktig poeng, presiserer Larsen.

Ifølgje Larsen har beitelaget blant anna laga eit samlekve (hegna) på Lyngholm, materialane er dekka av prosjektmidlar. Det er også planar om eit skjul i sør, slik at dyra kan trekkja seg inn under.

Godt samarbeid

Sveio kommune hadde sett av SMIL-midlar for å få prosjektet i gang. Annlaug Fludal i Haugaland landbruksrådgjeving (nå NLR Rogaland) blei leigt inn som prosjektleiar. Fludal har notert 433 timar på prosjektet ved avslutning 2020, med arbeidstopp i 2015-2016.

– Det har vore eit godt samarbeid med Geir Ragnhildstveit i kommunen og bøndene som skal drifta området. Det kjennest meiningsfylt å ha vore med på å dra i trådane for å få prosjektet i hamn. Det som tidlegare var ope landskap gror igjen mange plassar fordi utmark ikkje blir brukt like aktivt som før. Ved å legga til rette for beitedyr kan ein ta vare på litt av dette opne landskapet, kommenterer Fludal. Ho meiner det er viktig å få fram at arbeidet ikkje blir gjort for å skaffa meir beite, men for å ta vare på landskapet.

Powered by Labrador CMS