nyhende
– Saltvatn er meir fargerikt enn tjern
Alle har ei meining om bading, enten ein likar det eller ikkje. Men kor er det best å bada, og er ferskvatn betre enn saltvatn? Me tek debatten og har spurt fleire sveibuar.
Sumaren har komen og det same har sesongen kor du går berrføtt gjennom mudder, sand og steinar for å nå vatnet. Dei fleste er samde i at bading er kjekt, men usemja herskar rundt detaljane. I ein vakker kommune som Sveio som er omringa av sjø på tre sider, og har veldig mange flotte vatn å bada i, kva er best? Og kvifor?
Me har teke eit djupdykk i bade-debatten og kvar veke kjem nye svar på følgjande spørsmål:
Agnieszka Wanag (37), Valevåg
– Kva er best å bada i av ferskvatn eller saltvatn? Og kvifor?
– Når me snakkar om mogelegheiter i Sveio, så føretrekkjer eg saltvatn fordi eg likar best å sjå på alle dyr og plantar der nede, vatnet er meir gjennomsiktig og det er litt meir fargerikt enn i eit tjern.
– Kvar er den beste badeplassen i kommunen?
– For oss på Tittelsnes er Holsvika den beste plassen. Borna er trygt i grunt vatn, det finst eit veldig fint og nytt toalett og det er nære heimen. Men, Slettene i Auklandshamn er også veldig fint.
– Ville du ha bada i sjø/vatn kvar dag i eit år (også når det er kaldt), eller berre få dusja annakvar veke?
– Eg toler ikkje kaldt vatn, så eg vil heller dusja annankvar veke!