nyhende

Salet av heilmjølk auka med 3,5 prosent.

Salet av heil­mjølk auka – høgaste andel på 30 år

Heilmjølk utgjer over ein firedel av mjølka som blir seld i Noreg – den høgaste andelen på 30 år, viser tal frå Opplysningskontoret for melk og meieriprodukt.

Publisert Sist oppdatert

Salet av heilmjølk auka med 3,5 prosent, og den stod for 26,6 prosent av salet av vanleg, kvit mjølk, skriv Nationen.

– For nokre år sidan var det neppe mange som ville tippa at heilmjølk skulle få ei så sterk utvikling, seier direktør Ida Berg Hauge i ei pressemelding frå Opplysningskontoret for melk og meieriprodukt.

Yoghurt er kategorien med sterkast vekst. Salet av norskprodusert yoghurt auka med 7,8 prosent i 2025 – og forbruket er no på sitt høgaste nivå dei siste 20 åra. Særleg naturell-yoghurt veks kraftig, med ein auke på 21 prosent.

Også ostesalet auka i fjor. Det vart selt over 95,5 millionar kilo norsk ost, ein volumauke på 1,5 prosent. Veksten blir særleg driven av ferskostar som cottage cheese og kvarg.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS