nyhende
Salet av bereposar stuper
Salet av plastposar stuper, medan fleirbruks handlenett går rett til vêrs. Hos Kiwi auka salet av handlenett med heile 782 prosent sist veke.
Tysdag sist veke steig prisen på plastbereposar frå 3 til 4,25 kroner. Reaksjonen frå forbrukarane kom kontant.
– Coop har sett ein kraftig auke i salet av handlenett og avfallsposar på rull, medan salet av plastposar stuper, heiter det i ei pressemelding frå Coop.
782 prosent auke
Kiwi melder om ein nedgang i salet av plast bereposar på 30 prosent, medan nedgangen hos Coop er 20 prosent dei tre første dagane etter prisauken.
– Vi opplevde også ein vekst i sal av handlenett på 782 prosent, og dessutan ei dobling av papirposar, seier kommunikasjonsrådgivar i Kiwi, Kristine Aakvaag Arvin, til Nettavisen.
Rask omstilling gleder
I veke 31, samanlikna med same veke i 2022, har Coop opplevd ein auke i salet av handlenett på heile 320 prosent. Salet av avfallsposar på rull har auka med 80 prosent.
– Dette er eit tydeleg teikn på at prisendringa på plastposar har gitt effekt allereie. Det er gledeleg å sjå at kundane har omstilt seg raskt, seier kommunikasjonsrådgivar Simen Kjønnås Thorsen i Coop Norge.