nyhende
Saksøkte staten om fiskeopppdrett ved Nappholmane
Nordsjø Fjordbruk fekk ikkje godkjend ny lokalitet ved Nappholmane.
Nordsjø Fjordbruk, eigd av Alsaker Fjordbruk AS, gjekk til sak mot Nærings- og fiskeridepartementet grunna eit vedtak. Saka var først omtala i Sunnhordland.
Tidlegare hadde nemleg Mattilsynet avslått Nordsjø sin søknad. Dei ville flytta fisk frå ei brakkleggingsone til ei ny lokalitet ved Nappholmane, som ligg utanfor Auklandshamn.
Nappholmane vart ikkje godkjend av Mattilsynet, som også meinte at det var uakseptabel smitterisiko for fiskehelsa å flytta dei frå ei brakkleggingsone til ei anna.
Nordsjø Fjordbruk meiner at vedtaket er i strid med EU sin dyrehelselov, som Noreg er forplikta til gjennom EØS-avtalen.
Haugaland- og Sunnhordland tingrett dømte derimot i favør Mattilsynet sitt vedtak. Det betyr mellom anna at vedtaket vert rådande, og at Nordsjø Fjordbruk må betala sakskostnadane til departementet.