nyhende

Ein større leiteaksjon vart sett i verk etter tre utanlandske fisketuristar vart meld er sakna etter ein fisketur utanfor Bømlo i Sunnhordland.
Ein større leiteaksjon vart sett i verk etter tre utanlandske fisketuristar vart meld er sakna etter ein fisketur utanfor Bømlo i Sunnhordland.

Sakna fisketurister funne i god behald

Dei tre fisketuristane som var sakna på Bømlo, vart tysdag funne etter å ha vore sakna sidan måndag. Alle dei involverte vart funne i god behald.

Publisert Sist oppdatert

– Det går heilt greitt med dei involverte. Hendinga har ikkje fått nokon helsemessige konsekvensar for dei, seier redningsleiar Torgeir Espedal ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg til NTB.

Det var i 20-tida måndag kveld at dei tre fisketuristane melde at dei stod fast på ein holme og ikkje kom seg vidare på grunn av uvêret.

Dei tre utanlandske fisketuristane drog ut frå Brandasund ved 11-tida måndag formiddag.

Bygde ein bivuakk

– Dei bygde seg ein bivuakk som dei oppheldt seg i over natta. Dei vart funne på austsida av ein plass som blir kalla Vikøya utanfor Bømlo, seier Espedal.

Dei tre fisketuristane hadde kontakt med politiet tidlegare måndag kveld, men etter ein periode fekk ikkje nødetatane kontakt med dei.

– Det kjem av at dei hadde slått av telefonen på grunn av manglande straum, opplyser Espedal.

Store ressursar involvert

Store ressursar var involverte i leiteaksjonen. KV «Tor» leia søket på kysten utanfor Bømlo i Vestland med assistanse frå redningsskøyter frå Bergen, Leirvik og Haugesund. I tillegg søkte eit redningshelikopter frå lufta.

– Vi hadde mange med på aksjonen. Redningshelikopteret flaug mellom anna heile natta, seier Espedal.

Powered by Labrador CMS