nyhende

Yana Dziuina frå Kharkiv har opplevd krigsherjingane på nært hald. No er ho glad for å vere trygg i Sveio.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Yana Dziuina frå Kharkiv har opplevd krigsherjingane på nært hald. No er ho glad for å vere trygg i Sveio.

Såg naboar døy i krigen – no vil 21 år gamle Yana starte livet på nytt i Sveio.

Russiske rakettar øydela barndomsheimen hennar i Kharkiv i Ukraina, og ho blei augevitne til at naboar, som var innesperra i leilegheitene sine, brann ihel. No er Yana Dziuina (21) glad for å kunne starte livet på nytt, i fredelege Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Kharkiv, den nest største byen i Ukraina, var ein av dei første som russiske militære styrkar sette inn storoffensiven mot, då dei invaderte nabolandet i slutten av februar i fjor. 

Dei menneskelege lidingane i Ukraina er så store at dei er vanskelege å førestille seg for alle som har vokse opp i fred. Ei av dei som har opplevd krigsherjingane på nært hald er 21 år gamle Yana Dziunia, som no lev som krigsflykting i Sveio.

«Det er krig!»

Den unge kvinna fortel historia si til Vestavind  ved hjelp av sin ukrainske og engelsktalande venninne Anastasiia Nuzhnaya, også ho flykting busett i Sveio, som tolk. Yana vil fortelje, fordi ho meiner det er viktig at folk forstår konsekvensane av dei  forferdelege krigsherjinga som går føre seg i heimlandet deira.

Noko ho aldri kjem til å gløyme er morgonen den 24. februar 2022.  Yana, som er einebarn, låg heime og sov den morgonen, og vakna av lydar ho trudde var fyrverkeri. Men plutseleg var mora hennar, som eigentleg var gått på jobb, kome tilbake til blokkleiligheita kor familien hadde budd heilt frå Yana vart fødd. Mora kom inn døra saman med faren, og orda som kom ut av munnen til han gløymer ho aldri.

«Det er krig!», sa han.

Det regna russiske rakettar over Kharkiv i dagane som følgde. Og nabolaget til den litle familien var blant dei som vart råka hardast. På berre eit døgn kunne det det vere opp mot fire massive rakettangrep mot bydelen der familien budde, fortel ho.

— Me søkte først dekning i gangen i blokka utanfor leilegheita vår. Der var det fullt av menneskje, men det var tryggast der mens angrepa heldt fram, fortel ho stile.

Etter kvart trekte dei ned i ein underjordisk garasje, saman med fleire andre. Alle i håp om at marerittet skulle gå raskt over. Men det skulle vise og berre vere starten. For det kom berre nye rakettar. Det var kaldt i garasjen, og etter mange timar var dei så slitne og trøtte at det einaste dei tenkte på var å få varme og søvn. Dei tok seg difor tilbake til leilegheita si ei stund, for så å trekke ned i kjellar i blokka seinare.

Sterke inntrykk

På eit tidspunkt blei ei naboblokk treft av ein rakett. Og det tok ikkje lang tid før blokka Yana og familien  budde i også stod i brann. Den gamle bygninga hadde gassfyring, difor måtte dei forlate den, i frykt for at gassbehaldaren i bygninga skulle eksplodere.

Eg såg menneskje bak nokre av vindauga. Dei berre sat der. I flammane.

Då familien sprang for å finne ein ny trygg stad å vere, såg Yana eit augeblikk tilbake på blokka. Då såg ho noko som har brunne seg fast på netthinna. For det var ikkje alle som hadde kome seg ut av leiligheitene før flammane sperra dei inne.

— Eg såg menneskje bak nokre av vindauga. Dei berre sat der. I flammane, seier ho stille.

Dette var ein gong barndomsheimen til Yana. Den vart totalt øydelagt av brann etter russiske rakettåtak.

Litt seinare ville foreldra gå til leilegheita for å sjå på skadane, og om mogeleg finne klede og anna utstyr dei kunne ha bruk for. Yana fekk i oppdrag av faren å passe på pass og andre dokument dei hadde tatt med seg. Men i mellomtida kom det eit nytt stort rakettåtak, som uroa ho. Yana fortel at ho rekte dokumenta ho passa på over til ein ho kjende, før ho gjekk heimover for å sjå om foreldra trong hjelp. Då ho kom opp i den brannråka gangen, såg ho levningar av naboar i brannruinane. Og då ho og foreldra forlét leilegheita den gongen visste Yana at ho aldri skulle sjå barndomsheimen igjen.

— Det var jo ikkje noko «heim» der lenger, fortel ho.

Ho viser fram bilde av den utbrente og øydelagde barndomsheimen. — Det er ein venn av pappa som har filma, fortel ho.

Dramatisk flukt

Yana fortel om ei dramatisk flukt, og slitsame dagar og veker for den litle familien. Men etter kvart var dei heldige og fann tryggleik i ein landsby to-tre timars køyring frå Kharkiv. Men der budde dei 12 menneskje i ei 4-roms leilegheit, og  då dei etter ei tid fekk tilbod om å leie ei leilegheit av vener av faren i Kharkiv, valde dei å reise tilbake til heimbyen. Yana fekk seg også ein jobb i ein mobilbutikk Men dei russiske angrepa heldt fram, med fleire dramatiske opplevingar for Yana.

Nokre få meter frå leilegheita dei budde i var det ein politistasjon, kor ukrainske soldatar hadde tilhald. Den vart bomba av russarane.

— Heldigvis var det berre nokre få som vart såra den gongen, fortel ho.

Rakettane lager djupe krater rundt seg når dei treff bakken. Denne trefte like ved blokka kor Yana og familien budde.

Men det var skummelt også på jobb. Kvar gong rakettar slo ned i nærleiken, raste det ting ned frå tak og veggar i butikken. Og ein dag la ho plutseleg merke til at folk på gata kasta seg ned og la hendene over hovudet sitt, for å beskytte seg. Sekundar etterpå smalt det. Ein ny rakett trefte like i nærleiken. Vindauge i butikken hennar vart øydelagd av trykket.

— Då stengde eg butikken, og sprang derifrå, fortel ho.

Under flukta hennar small ein del av ein anna rakett ned berre eit par meter frå der ho sprang, fortel ho.

Ho søkte ly ved eit kjøpesenter. Då ringde far hennar til ho og fortalde at både han og mor hennar var i tryggleik, noko ho var særs letta over.

Ho bestemte seg for å reise frå Kharkiv den dagen. Det var mannen som hadde lånt dei leilegheita i Kharkiv som råda Yana å reise til Noreg.

— Mora hans har budd i Oslo i fleire år, og fortalde om landet, fortel ho.

Sidan faren hennar er militær, og ikkje hadde høve til å reise frå Ukraina, valde også mora å bli att. Den første natta i Oslo budde Yana hos mora til utleigaren frå Kharkiv. Dagen etter oppsøkte ho politiet, fylte ut naudsynte skjema. Dei 12 neste nettene vart ho innlosjert på eit hotell i Oslo. Seinare vart ho sendt til det ukrainske flyktningmottaket på Wadahl Høgfjellshotell på Gålå i Innlandet fylke. Og så, etter ein og ein halv månad der, fekk ho beskjed om at ho skulle busetjast i Sveio kommune. Reisa gjekk føre seg med drosje til Oslo lufthamn, så fly til Haugesund, og ny taxi til Sveio.

Møtet med Sveio

Ho kom fram til Sveio ein tidleg oktoberdag.

— Det var litt rart å kome til Sveio. Det var jo så lite her. Og nesten ikkje eit menneskje å sjå, seier ho og ler litt.

mapboxgl.accessToken = 'pk.eyJ1IjoiYXBwZXhwdWJsaXNoIiwiYSI6ImNqeG9ma3JpazA1b2Uza252enk1eXV4eGsifQ.9jSguhytg3SKhZO9HHjlVw'; var map = new mapboxgl.Map({ container: 'map-7186', // container id style: 'mapbox://styles/mapbox/streets-v11', // stylesheet location center: [34.37704464657054, 48.26563989719335], // starting position [lng, lat] zoom: 5.574886168476985 // starting zoom }); map.addControl(new mapboxgl.NavigationControl()); var el = document.createElement('div'); el.className = 'marker'; el.style.backgroundImage = 'url(https://vestavind-sveio.no/wp-content/themes/appexpublish/images/marker.png)'; el.style.backgroundSize = 'cover'; el.style.width = 42 + 'px'; el.style.height = 42 + 'px'; new mapboxgl.Marker(el) .setLngLat([36.2304, 49.9903]) .addTo(map); map.on("wheel", event => { if (event.originalEvent.ctrlKey) { return; } if (event.originalEvent.metaKey) { return; } if (event.originalEvent.altKey) { return; } event.preventDefault(); }); map.on("load", event => { window.dispatchEvent(new Event('resize')); })

Ho vart tatt i mot av Nav-tilsette i Sveio. Dei viste ho rundt i bygda, og ho blei glad då ho fekk høyre at det var fleire ukrainarar her frå før.

No bur ho i ei kjellarleilegheit i Førde. Ho seier ho trivs godt i kommunen.

— Det er mange snille menneskje her. Også er det fleire ukrainarar her, det er viktig for å få kunne bruke morsmålet og snakke saman, seier ho.

Men ho fortel også om litt stress dei dagane det første snøfallet kom før jul. Ikkje på grunn av vêret i seg sjølv, for kulde er ho vane med.

— Men lydane frå brøytebilane om morgonen, gav meg uro i byrjinga. Lyden minna veldig om smellene frå rakettåtaka i Kharkiv. Men no er eg vant med det, så nå går det fint, fortel ho.

Ein ny start

Yana fortel at ho tenkjer å starte livet sitt på nytt i Noreg, for ho ser ikkje for seg ei framtid i heimlandet.

— Sjølv om Kharkiv kanskje blir bygd opp att ein dag, så vil det ta tid. Og eg trur det vil vere dårleg med jobbar og inntekt i byrjinga. Eg vil nok reise dit ein dag, men ikkje for å bu der, seier ho.

Yana fortel at ho studerte økonomi på eit universitet før krigen. Ho håpar å kunne halde fram med studiar i Noreg ein dag, men veit ikkje om det let seg gjere. No går ho på norskkurs i Sveio, og jobbar litt på McDonalds-restauranten på Stord.  Ho snakkar med foreldra kvar morgon og kveld. Og som alle ukrainarar ringer ho dei straks det kjem meldingar på den mobilappen Telegram om angrep eller flyalarmar i heimbyen.

Ho håpar at foreldra kjem til Noreg etter kvart.

— Så snart far får lov til å reise frå landet, håper eg, seier ho.

Det var litt rart å kome til Sveio. Det var jo så lite her. Og nesten ikkje eit menneskje å sjå

Powered by Labrador CMS