nyhende
Så mange under 30 kan komme inn på Hordalandsbenken
Sjølv om han knapt har jobba ein einaste dag i sitt liv, meiner 23 år gamle Joel Ystebø at sånne som han trengst på Stortinget. Til hausten ligg historisk mange unge an til å hamne på Stortinget.
Blant dagens 16 representantar frå Hordaland er det ingen som var under 30 år då dei blei vald inn på Stortinget for fire år sidan.
Det ser ut til å endre seg til hausten. Basert på eit snitt av meiningsmålingane i juni er 23 år gamle Joel Ystebø ein av fleire unge som ligg an til å komme inn på Hordalandsbenken:
– Eg er prega av motreaksjonen som er i min generasjon, særleg blant unge menn, men også blant kvinner, til denne litt verdiliberale, woke tida som generasjonen før oss har vore meir prega av, seier førstekandidaten i Kristeleg Folkeparti.
Med seg får han 24 år gamle Martin Jonsterhaug i Framstegspartiet og 28 år gamle Benjamin Jakobsen i Arbeidarpartiet, som kan ta sine første steg opp Løvebakken. I tillegg er Ap, SV og MDG berre eitt mandat unna å få endå ein kandidat i 20 åra inn på Stortinget.
Hurtigvaksande kyllingar
Ein hurtigvaksande kylling som har blitt avla fram for kjøttets skyld blir kalla for «broiler». I politikken blir omgrepet ofte brukt for å skildre dei med lite eller ingen erfaring frå arbeidslivet, uavhengig av alder.
– Burde ein ikkje ha litt arbeidserfaring før ein går inn i politikken?
– Vi treng folk med lang yrkesbakgrunn, men også folk som har ungdomspolitikken som sin veg inn. Eg vil ikkje diskreditere dei med lang fartstid i arbeidslivet, men viss dei ikkje handterer det politiske handverket godt nok, så vil dei ikkje nødvendigvis vere dei beste representantane for det veljarane er opptatte av, seier Ystebø til Nynorsk pressekontor.
Han ser heller ikkje behovet for å skaffe seg anna yrkeserfaring i framtida. Trass i sin unge alder er Ystebø allereie å rekne som ein ringrev i det han går inn i sitt tiande år som politisk aktiv. På spørsmål om kva han skulle jobba med om ikkje politikk må det trugsel om pistol til for å få svar:
– Det er eit veldig godt spørsmål. Det er vanskeleg å svare klart på det. Det blir litt vagt sidan det ville handla om politikk og samfunnsengasjement det og. Noko i media eller som samfunnsdebattant er vel det eg ser mest for meg eventuelt.
Generasjonsskifte
Sidan 80-talet har det aldri blitt valt inn meir enn tre kandidatar på under 25 år på Stortinget, ifølge NRK. Ved førre val kom berre éin inn, men i NRK si måling er det heile åtte under 25 som ligg an til å få plass.
Det er ikkje berre resultatet av eit naturleg generasjonsskifte, påpeikar forskar Signe Bock Segaard, ved Institutt for samfunnsforskning (ISF).
– Det viktigaste er arbeidet som ungdomspartia har gjort. Dei siste ti åra har dei jobba mykje med utdanning og danning av politikarane sine. Det trur eg er bra.
Likevel synest ho det er vanskeleg å seie kor stor forskjell inntoget av unge vil utgjere på Stortinget.
– På Stortinget er det mange møter og komitear. Det er komplisert å få gjennomslag, påpeikar valforskaren.
Unge menn i sofaen
Ifølge Segaard står det sterkt i Noreg at politikarane skal spegle den demografiske befolkninga. Ystebø som stemmer i.
– Det er viktig at Stortinget dekker breidda og mangfaldet i befolkninga og har representantar frå ulike livsfasar, meiner han.
Til slutt er det uansett opp til veljarane om dei unge representantane kjem til makta. Og statistikken viser at ikkje alle dei yngre veljarane er til å stole på når valdagen kjem.
Meir enn kvar tredje nordmann i alderen 20–24 år lét vere å stemme ved Stortingsvalet i 2021, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Segaard skildrar desse som at dei er på flyttefot både mentalt og fysisk.
– Dette er noko som gjeld unge menn, i større grad enn unge kvinner. Eg meiner vi må gjere meir for å nå veljarane som opplever å stå utanfor, seier Segaard.
Blant kvinnene i starten på 20 åra var det 72 prosent som stemte, mot berre 59 prosent av menn i same aldersgruppe.
Ystebø er midt i aldersgruppa med flest sofaveljarar. Han trur mange opplever at det ikkje nyttar å stemme og meiner vi må snakke opp nytteverdien.
– Berre ta min situasjon. Med mitt mandat vil det stå om veldig få stemmer om eg kjem inn på Stortinget eller ikkje. Det skal veldig lite til før det bikkar den eine eller andre vegen.