Det er mykje bjørk i det norske landskapet, faktisk 4,8 milliardar eksemplar.FOTO: NPK
Så mange tre finst det i Noreg
Bjørk er det vanlegast treet i Noreg, viser tal frå Landskogtakseringa ved Nibio. Det er 4,8 milliardar dunbjørker blant dei over elleve milliardar trea her i landet.
NPK: I tillegg til dunbjørk, som er vanleg bjørk, er hengebjørk med på topp-ti-lista over dei vanlegaste treslaga, ifølgje ei sak på nettsida til Nibio.
Men med berre 83 millionar eksemplar hamnar hengebjørka på tiandeplass. Gran tek andreplassen med 3,2 milliardar eksemplar, medan det er registrert 1,5 milliardar furuer. Deretter følgjer gråor (392 millionar), rogn (327 millionar), selje (152 millionar), osp (121 millionar), hassel (102 millionar og eik (90 millionar).
Til saman bind desse trea rundt 23 millionar tonn CO2, ifølgje Nibio.
Statistikken er basert på utvalskartlegging. I løpet av ein periode på fem år samlar Landskogtakseringa inn informasjon frå over 22.000 permanente prøveflater som representerer alle arealtypar over heile Noreg.
Feltarbeidarane oppsøkjer eigne utvalde prøveflater og måler alle tre med ein diameter i brysthøgde på meir enn fem centimeter som ligg innanfor ei sirkelflate på 250 kvadratmeter.