nyhende

Leif Grutle og Brit Elin Hovda Mølstre frårådar andre å ta på seg frivillige verv, etter at dei sjølv sitt att med krav i millionklassen retta mot seg.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Leif Grutle og Brit Elin Hovda Mølstre frårådar andre å ta på seg frivillige verv, etter at dei sjølv sitt att med krav i millionklassen retta mot seg.

Sa ja til styreverv – saksøkt for millionar etter konkurs

Samfunnsengasjement, og ønske om å bidra til ein betre kvardag for vanskelegstilte unge var motivasjonen då dei sa ja til å gå inn i styret til den kommunale stiftinga Sveio Bufellesskap. Nesten fem år seinare er dei saksøkt for millionbeløp, grunna ein faktura som korkje dagleg leiar, regnskapsførar eller revisor forstod noko av.

Publisert Sist oppdatert

Brit Elin Hovda Mølstre, Leif Grutle, Sunniva Eldøy og Ingrid Pedersen Furdal stiller måndag Gulating lagmannsrett i Haugesund. Der skal dei med hjelp frå advokat Jens Otto Haugland forsvare seg mot påstandar om at dei er personleg ansvarleg for ein millionfaktura etter konkursen i det kommunale stiftinga Sveio Bufellesskap i 2017.

Det er Overføringsavtalens sikringsordning, som har til oppgåve å sikre at tilsette får sin pensjon om ei offentleg verksemd blir lagt ned, som er motpart.

Ingen visste

Det er ansvaret for manglande innbetaling av eit såkalla avviklingstilskot striden står om. Og om dei fire styremedlemmene burde ha visst om avviklingstilskotet, og plikten stiftinga hadde til å betale det, då stiftinga gjekk til skifteretten og melde oppbod hausten 2017.

— Me hadde aldri høyrt om avviklingstilskotet, fortel Brit Elin Hovda  Mølstre og Leif Grutle til Vestavind om å finne eit slikt brev i postkassa.

Då saka gjekk for domstolen første gong, i Haugaland tingrett i desember i fjor, kom det fram at heller ikkje dagleg leiar, rekneskapsførar, revisor eller stiftinga sin advokat hadde høyrd om avviklingstilskotet, og dermed heller ikkje om plikten til å betale det.

I første omgang kravde Sikringsordningen heile 4,6 millionar kroner til saman av dei fire. Dei vart informert i brev som dumpa ned i postkassene deira like før jul i 2019.

— Det var eit sjokk, fortel Brit Elin Hovda Mølstre og Leif Grutle til Vestavind.

Dei seier at stiftinga aldri mislegheldt innbetalingar til KLP.

— Det vart passa på av rekneskapsførar, og alle har trudd at alt var i skjønnaste orden, seier dei.

Grutle og Hovda fortel at styret alltid, også under dei tøffe tidene då det røyna på drifta, var opptekne av å gjere ting rett. Då det var klart at stiftinga måtte gå til skifteretten og melde oppbod, ville dei gjere det mens det ennå var midlar i systemet. Løn vart utbetalt, og alt såg greitt ut. Heilt fram til kravet frå Sikringsordningen kom, fortel dei.

Motparten meiner på si side at dei skulle ha slått seg konkurs tidlegare på året, og på eit tidspunkt kor det var midlar til å betale også avviklingstilskot.

— Hadde me visst om avviklingstilskotet, ville drifta sjølvsagt blitt avvikla tidlegare, seier dei.

Sa opp styreverv-forsikring

Etter kvart er kravet frå Sikringsordningen redusert til 1,5 millionar. Men inkludert sakskostnadar frå det som i ytste konsekvens kan bli tre rettsrundar, risikerer dei fire å bli skuldig til saman over tre millionar om dei tapar saka. Då er partane sine sakskostnadar inkludert.

Stiftinga hadde teikna styrevervforsikring, men også denne vart avslutta ved konkursen. Dermed risikerer dei å måtte betale frå eiga lomme, om dei taper saka.

Mølstre og Grutle legg ikkje skjul på  at saka er belastande, både for dei sjølv og for familiane deira.

— Det kjennest urettferdig at ei slik sak skal prege livet ditt over fleire år. Her har me tatt på oss eit verv i det me oppfatta var ei ideell stifting, som følgje av at me ønskjer å gjere ein god ting, og så ender ein opp med å nærmast bli skulda for å vere kvittsnippsforbrytarar. Det går på helsa laus, seier Leif Grutle.

Samfunnsansvar

Grutle har brukt mykje av sitt liv til å bygge opp eit tilbod til ungar med utfordringar på garden sin heime på Straumøy gard. Det var nettopp denne røynsla som gjorde at Sveio kommune spurde nettopp han om å bli med i styret i Sveio Bufellesskap, som i byrjinga var ein barnevernsinstitusjon, men som seinare vart det gjort om til eit psykiatrisk tilbod som lokale kommunar kjøpte plassar av.  Drifta var lagt til bygningar som Sveio kommune eig ved Lindøy.

Brit Elin Hovda Mølstre og Leif Grutle framfor lokala som tidlegare Sveio Bufellesskap leigde av Sveio kommune.

Også Brit Elin Hovda Mølstre – som var lærar, og dei to andre kom inn i styret som eit resultat av erfaring med og interesse for å hjelpe barn og unge med ymse utfordringar i liva sine.

Hovda stiller spørsmål ved den norske samfunnsmodell, som i stor grad er basert på at vanlege folk tek på seg frivillige verv.

— Skal du verkeleg måtte ha same kunnskap som rekneskapsførarar, revisorar og advokatar for å kunne sei ja til å ta på deg slike verv? Kven vil då stille som styremedlem i burettslag eller skulekorps, kor det også flyt ein del pengar rundt i systemet? undrar ho.

Klar siger i tingretten

Dei fire fekk fullt medhald av Haugaland tingrett etter hovudforhandlingane som fann stad i byrjinga av desember i fjor. I dommen, som falt tidleg i januar, heiter det at dei tidlegare styremedlemmene ikkje kan lastas for at dei ikkje kjende til den aktuelle forpliktinga, og at dei ikkje kan lastas for å ikkje ha gjort nærare undersøkingar som kunne avdekt denne.

Sikringsordningen tapte saka fullt og heilt, men har altså anka til Gulating lagmannsrett. 

I motparten sin saksfører sitt sluttinnlegg har dei saksøkte fått det dei opplev som nok ein knyttneve i magen. Advokaten Svein Iver Steen har mellom anna gjort eit poeng av at Leif Grutle har overført garden sin til sonen og svigerdottera. Det har ifølge Grutle tilfeldigvis skjedd i same periode som konflikten har gått føre seg.

— Eg er 72 år no, og det bør vel ikkje kome som ei overrasking at ein i ein slik alder ønskjer at neste generasjon overtek garden. Eg blir så oppgitt og forbanna at ein knapt veit korleis ein skal takle det, seier han.

Han er leiar av Hordaland bonde- og småbrukarlag på fjerde året, seier han er glad for at han gjennom det vervet har andre ting enn rettssaka å tenkje på.

Grutle stiller også spørsmål ved KLP si rolle overfor dei som kjøper pensjonstenester hos dei.

— Kva ansvar bør KLP ha for å gjere kundane sine merksame på hakar som denne i pensjonsprodukta dei sel. Når ingen av såkalla ekspertar har peiling, har dei då oppfylt rolla si i høve til å gi kundane naudsynt informasjon, undrar han?

Motpartens advokat: — Skyver rekninga til andre

Sikringsordningen sin advokat, Sven Iver Steen i advokatfirmaet Artnzen de Besche, seier at dei har anka dommen frå tingretten fordi dei meiner det ligg eit ansvar på det tidlegare styret i stiftinga.

Dei er følgeleg ikkje samde i tingretten sin konklusjon, kor det heiter at dei saksøkte har opptredd forsvarleg, og ikkje aktlaust på ein måte som gjer dei erstatningsansvarlege.

— Det er viktig for det kommunale pensjonssystemet at dei tilsette får sine pensjonar, og at arbeidsgjevarane betalar for desse. Om dei ikkje betalar, skyvast rekninga over på andre arbeidsgjevarar, legg Steen til.

Han har ikkje noko ytterlegare kommentar til kvifor saka er anka.

Trekte sak mot barnehage

I 2018 trekte Sikringsordningen eit søksmål dei hadde tatt ut mot tidlegare styremedlemmer, fire foreldre og to tilsette i ein foreldre-eigd barnehage. Også dei vart lagt føre krav i millionklassen knytt til manglande innbetaling av avviklingstilskot, lenge etter at barnehagen var lagt ned.

Steen avviser at Molde-saka og Sveio-saka er samanliknbare.

— Saka med barnehagen var eit særskilt tilfelle, kor ein kom fram til at barnehagen likevel ikkje var omfatta av Overføringsavtalen, og difor vart den saka trekt, seier Steen.

Det er sett av tre dagar til hovudforhandlingane i Gulating lagmannsrett. Dei finn stad i Haugesund tinghus, og startar måndag.

At Leif Grutle har uttrykt at det er ei ekstra påkjenning at Steen i sitt sluttinnlegg har gjort eit poeng av at han nyleg har overført gardsdrifta til sonen, noko Grutle sjølv meiner er heilt naturleg i en alder av 72 år, vil ikkje Steen seie noko om.

— Det har eg ingen kommentar til, seier Steen.

KLP: — Kan alltids sjå på om vi kan bli betre

KLP seier at dei kan sjå på om dei kan bli betre på å informere om kva som kan skje ved avvikling av kunden si verksemd.

Avdelingsleiar Torgeir Rud i KLP seier at dei ikkje kan kommentere kva informasjon som er gitt til kunden i Sveio-saka, men seier på generelt grunnlag at dei informerer alle sine kundar om rettigheiter og plikter ved ein mogeleg avvikling når det blir inngått ein pensjonsavtale.

— Dette blir regulert i vedtektene til Sikringsordningen og når arbeidsgjevaren underteiknar erklæring om tilslutnad til Overføringsavtalen og Sikringsordningen, seier han.

— Ser KLP behov for å vere tydelegare på kva punktet om avviklingstilskot inneberer  for kunden ved avvikling av verksemda? 

— Vi informerer om kva som kan skje ved ein mogeleg avvikling av verksemda ved inngåing av avtalen og minner om dette i årleg kontoutskrift og premieskriv til kommunen. Vi ønskjer å vere tydelege på dette punktet i vår kundekommunikasjon, men kan alltids sjå på om det er behov for å vere enda tydelegare, seier Rud.

— Har KLP forståing for at nokon stiller spørsmål ved KLP si rolle i saker som dette?

— Av omsyn til at det er eit spørsmål som truleg blir tema i ein komande rettssak er ikkje det noko vi ønskjer å kommentere på. Det blir heller ikkje rett av oss å kommentere spørsmål som truleg blir tema i en rettssak vi ikkje er part i, seier Rud.

Det er sett av tre dagar til hovudforhandlingane i Gulating lagmannsrett.

PS! Dei tidlegare styremedlemmene Ingrid Pedersen Furdal og Sunniva Eldøy er ikkje intervjua, men er innforstått med at dei ei er nemnd i artikkelen,  og dei stiller seg bak uttalane til Leif Grutle og Brit Elin Hovda Mølstre.

Powered by Labrador CMS