nyhende
Rykte ut til melding om brann i Førde og hærverk i Buavåg
På laurdag fór politiet ut på to oppdrag i Sveio: brann i Førde og hærverk i Buavåg.
Laurdag 2. juli klokka 08.30 vart brannvesenet og politiet varsla om røykutvikling på ei privatadresse i Førde.
— Då politiet og brannvesenet kom til staden viste det seg at eit stearinlys hadde brent seg fast i eit stovebord og forårsaka ein liten brann på 15 x 15 cm, seier Dan Magne Gaard, som er vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Tre personar med tilknyting til rusmiljøet heldt til i denne bustaden, men skal ha kome seg heilskinna frå hendinga.
— Det er ikkje meldt om personskadar, og heller ikkje større materielle skadar enn at bordplata fekk eit tydeleg svimerke, seier Gaard.
Det er elles oppretta sak på tilhøvet.
Hærverk på Bua
Utpå ettermiddagen same dag, klokka 13.45, fekk politiet melding om hærverk på ein badeplass i nærleiken av Buavåg barnehage.
Nokon hadde losna ei flytebrygge, som deretter dreiv ut på sjøen. Politiet reknar med at tipsaren drog brygga til land att på eiga hand.
Det var òg gjort hærverk på ein offentleg sitjebenk. Då politiet kom til staden, fann dei ingen spor etter gjerningspersonane, som mest sannsynleg hadde stukke sin veg.
— Det er oppretta sak her òg, seier Gaard ved politistasjonen.