nyhende

Rykte om godt arbeid spreier seg – i april tok det heilt av for tømrarane

Tømrarlaget skulle eigentleg bestå av ein duo, men oppdraga blei stadig fleire og større. På tre år har dei vakse til å bli i fem fagarbeidarar og fire lærlingar – denne veka etterlyste Tømrerlaget Rossehaug & Bøe enda to nye til å svinga hammaren.

Publisert Sist oppdatert

Det er travle tider for Tømrerlaget Rossehaug & Bøe, som for tida har oppdrag i Sveio, Tysvær og Haugesund. 10 mann er i sving ute – to av dei innleigde, medan Svein Ivar Bøe er på kontoret i Sveio sentrum.

Frå basen, som også har eit lite lager, koordinerer han arbeidsdagen til resten av mannskapet, sørgjer for at dei har det dei treng, fakturerer, ser på jobbar, reknar anbod og så vidare.
– Det er nok å gjera, seier Svein Ivar Bøe, medeigar i Tømrerlaget Rossehaug & Bøe AS.

Ikkje tid til utearbeid

– Nett no har eg ti jobbar som ventar på kalkulering. Eg har vore innom alle kundane, og det er vel grenser for kor lenge dei vil venta på oss, smiler den blide tømraren, som også har bakgrunn innan betongarbeid.

I februar blei det bestemt at han skulle vera kontormann for fullt – før var han ute éin dag i veka og trødde til der det var behov.

Tømrarverksemda kan påta seg det meste. Martin Søderlund (t.h) og Hagos Gebregerges starta dagen med å støypa ein ringmur til eit påbygg i Sveioåsen. No lagar dei hagemøblar til ein kunde som skal ha dei på hytta på Vågsli. Det er ikkje så ofte Svein Ivar Bøe er med på denne type arbeid, men stiller opp med ei hjelpande hand – mest til ære for lokalavisa.

Oppstart i 2017

Dei to arbeidskameratane Torkel Rossehaug og Svein Ivar Bøe har lenge følgt kvarandre på ulike måtar i arbeidslivet. Dei går godt overeins, derfor var det trygt for dei å starta opp i lag – for andre gong i 2017.

– Torkel kom heim frå Nordsjøarbeid, eg tok oppdrag for meg sjølv. Saman tenkte me å satsa på småoppdrag, som å skifta kledning, vindauge og byggja naust, slik at me hadde lønn til oss sjølve.

Godt rykte

Men ryktet om godt arbeid sprer seg. Får ein kunde gjort eit arbeid, vil gjerne naboen ha tak i dei like etter. Dei fekk spørsmål om å påta seg større, og stadig fleire jobbar.

– Me kan ikkje leva av å seia nei. Martin (Søderlund, red. anm.) blei vår første tilsett i 2019, han lærte eg opp då eg var i Isdahl & Skogland hus. Deretter tilsette me to lærlingar same året, fortel prosjektleiaren.

Så langt var dei fem, og det blei ikkje mindre travelt for Bøe, som også då var den som tok seg av mykje av innearbeidet. Kveldar, helgar og netter blei nytta. Om det var tid, var han ute på arbeidsplassane.

Fredag var Odd Einar Vikse hos ein kunde i Haugesund, der han skifta benkeplate på eit kjøkken.

Like etter at Bøe blei prosjektleiar på fulltid, kom pandemien sigande over landet.

– Eg hadde ikkje søvnlause netter, men eg var bekymra. Ville me stå utan oppdrag, måtte me permittera? Kva om alle blei sjuke på same tid, var tankar eg hadde. Men alt gjekk bra. Me hadde stopp i to veker, etterpå tok det heilt av! Folk ville ha terrassar, utestover og nye vindauge, fortel Bøe.

Full belegg

Til alt hell blei dei store prosjekta forseinka, slik at det var rom for å ta oppdraga som kom. No har verksemda fullt belegg langt fram i tid.

– Men me har alltid moglegheit til å sjonglera litt, slik at me har plass til nye oppdrag også, forsikrar han.

I takt med aukande inntening, har verksemda investert. Stillas, bilar, verktøy og utstyr.

– Me kan ikkje bruka pengar før dei er tente. Og me er livredde faste utgifter – dei rekningane kjem om me står utan jobb eller har ferie, seier Bøe. Han kjenner på eit stort ansvar for sine medarbeidarar.

Tar ikkje lett på ansvaret

– Det er skummelt å tilsetja folk. Då blir deira huslån og privatøkonomi på ein måte vårt ansvar.

For tida jobbar dei med ein garasje på Fjellstad, rehabilitering av ei løe i Auklandshamn, nytt tak på eit hus og ombygging/påbygg på ei hytte på Tittelsnes, samt eit påbygg i Sveioåsen.

– Kva er det som driv dykk?

– Me har jo lyst til å få til noko, og det er kjekt å skapa arbeidsplassar. Men me har vakse fort, for fort. Me skal skaffa jobbar, og systemet på dei forskjellige byggjeplassane skal også fungera.

På spørsmålet om kor mykje arbeid Bøe legg ned i verksemda, tenkjer han seg litt om.

– Det reknar eg ikkje på, men det blir vel ein 60-70 timar i veka. Eg kjem på jobb klokka 06.30 og er her til 17-18-tida. Og så tar eg helgane til hjelp, seier familiefaren, og legg til at kona er tålmodig.
– Skal me få verksemda opp, må det jobbast litt ekstra. Me må gi litt gass!

Prosjekterar

Eit naustprosjekt på Rød, og eit mogleg bustadprosjekt i ein annan kommune er også på trappene. Her har ein kunde med sjøeigedom tatt kontakt, og Tømrerlaget Rossehaug & Bøe tar utfordringa med heile opplegget frå regulering, sal og bygging. På Rød er det snakk om fleire naust som skal seljast.

– Me kan ta heile prosessen, men me kan ikkje byggja før me har seld, så tøffe er me ikkje, seier Bøe.

Powered by Labrador CMS