nyhende
Rykka ut til lyngbrann og grasbrann
Nyttårsnatta kom open eld ut av kontroll på Vestre Kringsjå. Det var også ein brann tidlegare på nyttårsafta.
Klokka 02.25 den 1. januar fekk politiet melding om ein lyngbrann på Vestre Kringsjå.
– Det var brannvesenet som melde frå om at om lag 30 kvadratmeter lyng hadde brent. Dei hadde raskt sløkt brannen, og politiet rykka ikkje ut. Det var snakk om uforsiktig bruk av open eld. Brannvesenet hadde snakka med nokre ungdommar som fortalde at elden hadde spreidd seg meir enn dei klarte å halda kontroll på. Det blir ikkje oppretta sak, seier vaktsjef Dag Magne Gaard ved Haugesun politistasjon.
Også tidlegare på nyttårsafta måtte brannvesenet i Sveio rykka ut. 110 Sør-Vest melde klokka 18.37 at dei var på veg til ein brann i nærleiken av Hovåsvegen. Det viste seg å vera brann i litt gras, og vart raskt sløkt.