nyhende
Rykka ut til bilbrann
Klokka 17.05 søndag fekk Sør-Vest politidistrikt melding om ein bil som brann på Haukås. Det viste seg å ikkje stemma heilt.
Politi og mannskap frå Sveio brannstasjon rykka ut, og klokka 17.24 melde operasjonsleiar Helene Strand ved Sør-Vest politidistrikt at det pågjekk sløkking av brannen.
Vel 20 minuttar seinare kom det oppdatering på politiloggen om at det hadde vore ein mindre brann og at den var sløkt. Bilen sto på eit busstopp og var ikkje til hinder for annan trafikk.
Føraren skal ha vore aleine i bilen, og det brann i motorrommet.
– Bilen sto på eit busstopp like ved Hinderli-krysset. Det blei rapportert om små flammar som kom opp under clutchen. Føraren er avhøyrt, og det er oppretta sak, seier vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon til Vestavind søndag kveld.