nyhende

Ryddar vegskjæringar gjennom heile Sveio

Vegskjæringane på E39 bli stadig tryggare. Statens vegvesen er i gong med del to av ein jobb som strekker seg frå Arsvågen til Sandvikvåg.

Publisert Sist oppdatert

Først ut var Aksdal-Bokn i fjor. Årets arbeid starta i Våg i Tysvær og går så langt pengane rekk. Målet til kontrollingeniør Per Einar Klungtveit i Statens vegvesen er å avslutta i Sandvikvåg.

– Det blir ikkje i år, men me kjem oss heilt sikkert gjennom Sveio og eit stykke vidare, seier han.

Går etter planen

Pengar er noko av det som avgrensar kor mykje dei får gjort. Det er tildelingar kvart år, men av og til kjem det overraskingar.

– Me gjer inspeksjonar undervegs, og då må me prøva å finna midlar der me oppdagar uføreseielege ting og manglar, seier Klungtveit.

Så langt har arbeidet gått etter planen, og Klungtveit fortel om flinke folk som gjer ein veldig god jobb. Det blir fjerna laus stein, bolta i fjell der det trengs, fjerna skog og buskar, rydda i grøfter og sikra ekstra der ein finn det naudsynt. Som over tunnelinngangen til Fjontunnelen.

Der var det onsdag kveld sist veke kolonnekøyring med ledebil medan fjellet blei bolta. Arbeidet ved Fjontunnelen held fram, og det var også måndag morgon kolonekøyring gjennom tunnelen.

Jobbar lange dagar

Torsdag og fredag var det ingen i sving. Det er fordi dei jobbar lange dagar måndag til onsdag.

– Det blir gjort for å unngå arbeid dei dagane det er mest trafikk. Av omsyn til trafikkantane, men også for å trygga dei som jobbar langs vegen, seier Klungtveit.

I Fjonkrysset er det god breidde med sperrefelt, og ein av dei Vestavind snakka med fortalde at dei ikkje har hatt bedre plass så langt. Det er meir utfordrande med vanleg vegbreidde når eit felt må stengast. Då er det gjerne opp i 10 tilfeller dagleg der bilistar køyrer så tett på at markeringsskilta blir kvelva.

Farten er sett ned til 50 km/t, men dirigentane gir teikn til å køyra saktare når ein passerer for at det skal vera trygt for både trafikantar og dei som jobbar langs vegen.

Køyrer i 50 uansett

Og ikkje alle tar omsyn i høve til fart. I området der det blir jobba er farten sett ned til 50 km/t. Nokre meiner at då kan dei køyra i 50 uansett. Men det er ingen rett. I vegtrafikkloven §3 står det:

«Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret. Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.»

– Vis omsyn

– Dei som jobbar der har ansvar for å trygga seg sjølve, og me har manuell dirigering forbi området. Dei fleste trafikantane tar omsyn og køyrer greit forbi, men det er alltid nok som har det travelt, seier Klungtveit.

– Kva er ditt råd til dei som ferdast forbi arbeidslaget?

– Å visa omsyn er alltid ein god ting uansett kva det gjeld. Senk farten sjølv om det står 50 på skiltet, og følg dirigentane, oppmodar Klungtveit.

Powered by Labrador CMS