nyhende

Rydda sjø og strand i strålande sol

Mykje rask blei tatt opp frå sjøen og rydda vekk frå strendene av flittige dugnadsfolk på laurdag.

Publisert Sist oppdatert

Ryddeaksjonen blei arrangert som ein følgje av årets TV-aksjon, som har rettar fokus mot plastforsøpling i havet. Sveio kommune var initiativtakar, Sveio Frivilligsentral koordinator. Slettaa Dykkerklubb, Bremnes Seashore og Skjærgårdsservice stilte også opp på dugnaden med dykkarar og båtar. Containerar stod på Lyngholm, Buavåg, Auklandshamn og i Valevåg.

Søndag kveld, fortel leiar i Sveio Frivilligsentral at jobben som er gjort er fantastisk.

– Det er klart at tematikken i årets TV-aksjon er viktig for mange. Innbyggjarar i kommunen engasjerte seg, og det blei mange gode samtalar og møte rundt i bygdene, seier Kristianne Uri. Ho vil gi honnør til alle som stilte, og ikkje minst rodeleiarane.

– Me håpar fleire vil henga seg på og støtta TV-aksjonen, slik at WWF kan halda fram kampen mot plastforsøpling, seier Uri.

Powered by Labrador CMS