nyhende
Ruud tapte US Open-finalen: – Alt i alt veldig nøgd
Casper Ruud klarte ikkje å temje den spanske tennisyndlingen i US Open-finalen i New York. Carlos Alcaraz vann 3–1 i sett etter tre timar og 20 minutts spel.
Ruud er nummer to på rankinga, som blir offentleggjord måndag.
– Eg vil starte med å sende mine tankar til alle amerikanarar som vart ramma i denne flotte byen i 2001 (11. september-angrepa), sa Ruud i eit intervju med arrangøren.
Han fekk trampeklapp då han vart annonsert.
– Det er litt skuffande å gå av banen med tap. Men eg gav alt. Det gjorde han òg. Han var litt betre på dei viktige poenga, spesielt i tredje sett, sa Ruud til NTB på pressekonferansen.
– Alt i alt er eg veldig nøgd med turneringa. Eg hadde ikkje rekna med å spele om sigeren.
– Eg har fått ein draum oppfylt, sa Alcaraz etter at også han markerte at datoen var 11. september og spesiell for amerikanarane.
Så fekk han sigerstrofeet overrekt av den tidlegare storspelaren John McEnroe.
Grep
Alcaraz braut Ruud sin serve allereie i game tre. Det gav spanjolen 6–4 i første sett.
Ruud viste nydeleg tennis i fleire ballvekslingar på veg mot 6–2 i andresettet. Han vann to av Alcaraz» servegame, og spanjolen avslørte teikn på variabelt spel.
Ruud hadde sjansen til å sikre seg sett tre med settballar, men det enda med eit tie-break. Der vart nordmannen spelt av banen og tapte 1–7. På veg fram til 6–6 viste spelarane fleire fenomenale spelesekvensar på hardcourt-underlaget.
– Det er ikkje nokon vits å dvele for mykje om fortida, men eg kjem sikkert til å tenkje litt på dei to settballane eg hadde, sa Ruud.
I det fjerde settet var spanjolen berre best og sikra dette i eigen serve med 6–3. Han utnytta den andre matchballen før han la seg ned på ryggen ute på banen. Så fekk han ein bamseklem av Ruud ved nettet.
Publikum var med og gispa fleire gonger undervegs i kampen.
På tribunen sat mellom anna foreldra til Ruud og kjærasten hans og følgde han i den andre Grand Slam-finalen hans. Tidlegare i år tapte Ruud i Roland-Garros (grus) mot ein annan spanjol, Rafael Nadal. Det enda 0–3 i sett.
Hardt
Alcaraz hadde eit brutalt program dei tre siste rundane før finalen med svært lange kampar og til saman 13.28 timar på banen. I den same perioden var Ruud gjennom ei speletid på 8.56 timar.
Likevel hadde Alcaraz endå krefter til å halde kvaliteten oppe finalekampen ut.
Alcaraz vann 127 poeng mot Ruuds 122 i finalen.
Vinnaren får 25.5 millionar kroner i premiepengar medan andremann er sikra 12,75 millionar kroner.
Det var mange kjendisar på plass blant dei 23.000 tilskodarane i Arthur Ashe-stadion i bydelen Queens i New York. Dei dyraste billettane til finalekampen kosta nesten 100.000 kroner.
Ruud speler snart Davis Cup for Noreg på Lillehammer. Motstandar er India med kampar fredag og laurdag.
(©NPK