nyhende

– Me går inn i ei mørketid, difor har me særleg fokus på lys, dekk og beltebruk, seier seniorinspektørane i Statens vegvesen, Roy Terje Moen (til venstre) og Sigbjørn Eltervåg. Torsdag held dei kontroll i Sveio.
– Me går inn i ei mørketid, difor har me særleg fokus på lys, dekk og beltebruk, seier seniorinspektørane i Statens vegvesen, Roy Terje Moen (til venstre) og Sigbjørn Eltervåg. Torsdag held dei kontroll i Sveio.

Rutinekontroll i Sveio

Berre nokre få bilførarar fekk mangellapp for tekniske feil, då Statens vegvesen utførte rutinekontroll i Sveio sentrum, torsdag føremiddag.

Publisert Sist oppdatert

– Me har avdekka ein del tekniske manglar, som feil på lys, men ikkje meir enn normalt, opplyser Roy Terje Moen, seniorinspektør i Statens vegvesen.

Saman med Sigbjørn Eltervåg var han torsdag ute på ein trafikkontroll i Sveio, med hovudfokus på belte- og lett teknisk kontroll.

Flytta seg til sentrum

Når Vestavind tek kontakt har dei teke oppstilling i Sveiogata, vis-a-vis Sveio kyrkje.

– Me stod først nede ved kyrkjegarden, no har me forflytta oss opp til sentrum der siktsona er lengre og dermed lettare å bruka kikkerten. Førebels ser det svært bra ut, me har ikkje oppdaga store manglar, og alle har fått lov å køyra vidare, fortel Roy Terje Moen, halvannan time ute i kontrollen.

Rettleiing

Imens brukar kollega Eltervåg kikkerten flittig. Med sitt årvakne blikk ser han om folk har bilbeltet på, eller om dei kjapt prøver å få det på når dei ser det er kontroll.

– Gebyret for å unnlata å bruka belte er 1.500 kroner, men det er ikkje det viktigaste, for oss betyr det meir å endra haldningar og rettleia folk, presiserer Eltervåg.

Powered by Labrador CMS