Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Ruth G. Ø. Eriksen
Ruth Grethe Østebøvik Eriksen er varaordførar i Sveio og kulturfyrvaktar på Ryvarden.
Ruth G. Ø. Eriksen
Beste påskemat og påskesnop?
– I vår familie er det ikkje ein spesiell matrett som er tradisjon i påsken. Kva me et kjem mye an på om me er to vaksne heime eller heile flokken. Me er flinke til å kosa oss med god mat, og når alle barn og barnebarn er heime blir det litt ekstra. Lammekjøt og fisk er favorittane. Påskesnop er alt mogeleg. Eg fyller opp eit stort påskeegg og håper på besøk så eg slepp å eta alt sjølv.
Beste påskeminne?
– Fram til eg var ca. 12 år reiste vår vesle kjernefamilie på fem til Sauda kvar påske. Der budde mamma si eldste søster med familie på fem. I tillegg kom mamma si andre søster med familie på fem. Altså seks vaksne og 9 barn i eit lite 50-tallshus. Det var madrasser på golvet, skiklede til tørk over alt, og god mat kvar dag. Tante Anna lagde komle til heile denne gjengen på gamlemåten, med poteter. Me spelte kort og var store deler av dagen og kvelden ute og leika i snøen. Kan ikkje hugsa det var annet enn strålende vêr.
Kva må/pleier du å gjera i påsken?
– Det varierer kva eg gjer i påsken. Nokre år reiser eg til utlandet. Når det er heimepåske er det hagen som får godt stell om vêret er på godsida. Er eg heime jobbar eg også på Ryvarden, og påsken er ei travel tid på fyret.