nyhende

Ruth G. Ø. Eriksen (t. h.) får hjelp av avtroppande kulturfyrvaktar Gunn Bente Stråbø Håvardsholm til å setja seg inn den nye oppgåva ho har påtatt seg.
Ruth G. Ø. Eriksen (t. h.) får hjelp av avtroppande kulturfyrvaktar Gunn Bente Stråbø Håvardsholm til å setja seg inn den nye oppgåva ho har påtatt seg.

Ruth G. Ø. Eriksen ny kulturfyrvaktar

Varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen (Frp) er tilsett i ei mellombels, 50 prosent stilling som kulturfyrvaktar ved Ryvarden kulturfyr. Ho hadde sin første dag i den nye jobben tysdag.

Publisert Sist oppdatert

Eriksen tek over etter Gunn Bente Stråbø Håvardsholm, som blei pensjonist frå årsskiftet.

– Det blir spennande å ta over etter Gunn Bente. Og store sko å fylla. Ho hadde stillinga i 25 år, seier Eriksen.

Vestavind møtte både den avtroppande og den påtroppande kulturfyrvaktaren på kommunehuset onsdag. Eriksen har tidlegare hatt eit mindre engasjement ved kulturfyret. Nå brukar ho dei første dagane til å setja seg inn i kva leiarjobben inneber.

Fordelte internt

Eriksen hadde frå før ei mindre stilling ved kulturfyret, og ho har periodevis også utført ein del av leiaren sine oppgåver. I byrjinga av desember fekk ho tilbod frå styret om auka stillingsprosent for å bli kulturfyrvaktar i ein periode. Håvardsholm hadde 100 prosent stilling. Nå er oppgåvene hennar delte mellom Eriksen og Norunn Jensen, som også var tilsett frå før.

Jensen sin stillingsprosent blir nå 30. Ho får mellom anna ansvaret for den kunstnarlege verksemda, fortel styreleiar Rune Teikari. Foretaket reduserer på denne måten den totale bemanninga for ein periode. Teikari forklarar kvifor, og kvifor dei ser seg i stand til å leva med ei mellombels ordning som kan vara fram til sommaren.

– Utover hausten har me fått merka dyrtida for fullt. Folk er mindre villige til å bruka pengar, og det går mellom anna ut over etterspurnaden etter dei tenestene Ryvarden kulturfyr har å tilby. I denne situasjonen, og i ein periode med relativt liten aktivitet, vil me at det nye styret skal få sjansen til å vurdera situasjonen og ta stilling til framtidig driftsmodell, seier Teikari, som understrekar at det ikkje er eit alternativ å avvikla kulturfyret sjølv om tidene er blitt trongare.

Oppgåve for nytt styre

Kommunestyet valde i haust nytt styre for kulturfyret, som er eit kommunalt foretak. Rune Teikari (Frp) og Vibeke Enerstvedt (Frp) blir med vidare, medan Stian Nygård (TvF) og Carl Enoksen (H) er valde inn som nye styremedlemmer. Det nye styret si funksjonstid starta ved årskiftet.

Styret har enno ikkje konstituert seg, og treng litt tid til å setja seg inn i situasjonen. Teikari seier at dei mellombelse utvidinga av stillingane til Eriksen og Jensen, utan utlysing, er gjennomførte etter at han har rådført seg med administrasjonen i kommunen. Om den mellombelse ordninga seinare blir gjort permanent, er han usikker på om stillingane då må lysast ut.

– Det må me snakka meir med administrasjonen om. Det er viktig at dette blir gjort rett, seier han.

Inhabil i Ryvarden-saker

Ruth G. Ø. Eriksen har 30 prosent stilling som varaordførar, i tillegg til fleire styreverv. Ho seier at oppgåva som kulturfyrvaktar ikkje vil få særleg innverknad på oppgåvene hennar som politikar.

– Eg blir sjølvsagt inhabil i ein del saker som gjeld Ryvarden. Det får me ta frå sak til sak, seier ho.

Sveio kommune har sett i gang ein såkalla mulighetsstudie med tanke på utvikling av Ryvarden. Mellom anna er utviding av overnattingskapasiteten til vurdering. Studien er enno ikkje fullført og blir ikkje påverka av dei disposisjonane som styret i Ryvarden kulturfyr KF nå har gjennomført, seier Teikari.

Powered by Labrador CMS