nyhende

Flya som skal brukast på Stord skal også betena ruter på strekningane Ørland–Oslo og Florø–Oslo.
Flya som skal brukast på Stord skal også betena ruter på strekningane Ørland–Oslo og Florø–Oslo.

Ruteflyginga på Stord-Oslo startar opp igjen

1. juni vart ruta Stord-Oslo innstilt. No er eit mellombels tilbod på plass til Oslo-ruta går inn i dei statlege FOT-rutene 1. april neste år.

Publisert Sist oppdatert

Grunnen til at ruta vart innstilt, er at kontrakten med Sunnhordland lufthavn vart avslutta. Stord kommune og Vestland fylkeskomune bidrog med økonomiske midlar til rutekjøpet.

DAT har no inngått ein ny avtale med Sunnhordland lufthavn om økonomisk støtte til ruta, noko som gjer det mogleg for flyselskapet å oppretthalda eit redusert flyprogram på ruta, skriv Sunnhordland lufthamn i ei pressemelding.

Fem rotasjonar

Frå og med 1. september vert det fem rotatasjonar per veke inntil utgongen av mars 2024. Frå og med 1. april 2024 inngår Oslo-ruta i dei statlege FOT-rutene.

FOT-rutene (forplikting til offentleg tenesteyting) er ruter med avgrensa inntening. Her støttar myndigheitene drifta etter å ha lyst rutene ut på anbod.

– Viktig for distriktet

Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust på Stord lufthamn er svært nøgd med at ein no har fått ein avtale med DAT om eit redusert ruteprogram fram til oppstarten av den statlege FOT-ruta.

– Det er viktig for distriktet at ein har ei rute til og frå Oslo. For lufthamnselskapet er det også viktig at dei tilsette kan haldast i arbeid og at selskapet ikkje mistar viktig kompetanse, seier Myklebust.

DAT vil bruka fly av typen ATR-42 på Oslo-ruta. Flya som skal brukast på Stord skal også betena ruter på strekningane Ørland–Oslo og Florø–Oslo.

Powered by Labrador CMS