nyhende
Ruta til «Sommerskuta» etter Rubbestadneset
Seglar truleg ikkje «beine vegen» forbi Sveiokysten frå Bømlo til Kopervik.
I fleire veker har det vore mogleg å følgja seglskipet Statsraad Lehmkuhl på ferda frå nord til sør. NRK si sakte-TV satsing er også på våre trakter. I følgje reiseruta er neste stopp Rubbestadneset på Bømlo tysdag 3. august, og deretter Kopervik onsdag 4. august.
Ein skulle tru at det ville bli mogleg å sjå det ærverdige skipet frå land i Sveio, men det ser ikkje ut til at det blir beine vegen frå Bømlo til Kopervik. Dermed vil skipet truleg omgå store delar av den moglege sjøvegen forbi oss.
– Me seglar frå Rubbestadneset klokka 11.00 og er ved Skudeneshavn omtrent klokka 19.30. Resten er opp til skuta, og vind og vêr, seier Lise-May Spissøy i NRK.
– Etter stoppet på Bømlo, vil skuta etter planen segla litt tilbake og gjennom Fitjarøyane, for å halda fram utaskjærs, opplyser Spissøy.
Avhengig av kor langt ut i havet overfarten vil gå, er kanskje den beste sjansen til å få eit glimt av farkosten frå søre delen av kommunen.