nyhende

Kommersiell leiar i Lufthavndrift AS, Pål Visnes, er nøgd med resultatet etter at delar av avgangshallen på Haugesund Lufthavn er rusta opp. Også det eit ledd i arbeide med å styrke posisjonen til Haugelandet sin eigen flyplass.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kommersiell leiar i Lufthavndrift AS, Pål Visnes, er nøgd med resultatet etter at delar av avgangshallen på Haugesund Lufthavn er rusta opp. Også det eit ledd i arbeide med å styrke posisjonen til Haugelandet sin eigen flyplass.

Rustar opp flyplassen for å møte venta passasjervekst

Haugesund Lufthavn fornyar seg, og passasjeretala peikar rett veg att etter pandemien. — Folk er reiselystne, slår Pål Visnes i Lufthavndrift AS fast.

Publisert Sist oppdatert

Alicante, Malaga, og Palma i Spania, Chania i Hellas, Antalya i Tyrkia og Gdansk i Polen. Det er dei seks utanlands-destinasjonane du kan nå direkte frå Haugesund Lufthavn i sommar.

Og kommersiell leiar Pål Visnes i Lufthavndrift AS, selskapet som i dag driftar flyplassen, er glad for å sjå at avgangshallen stadig blir fylt opp med reiselystne. Då Vestavind var innom tysdag morgon, var det like før eit fly, stappa med solhungrige passasjerar, skulle forlate eit regnvått Haugaland. For etter eit par år med dystre passasjertal, noko som i første rekke skuldast koronapandemien, men også Ukraina-krigen i vår, peikar tala no rett veg igjen.

— I april hadde vi 90 prosent av trafikken vi hadde i same månad i 2019, fortel han.

Korona-smell

Tilbodet til fritidsreisande er likevel eit stykke unna det som var ambisjonen, då dei private aktørane bak selskapet Lufthavndrift AS sikra seg ein 20 år lang såkalla tenestekonsesjon på Helganes. Det etter at statlege Avinor har drifta flyplassen sidan opninga i 1975. Avtalen Lufthavndrift AS har, går ut på at selskapet har tatt på seg heile det operative ansvaret for flyplassen. Samstundes sikra dei seg retten til å stå fritt til å jobbe med charteroperatørar og flyselskap i inn- og utland. Dette for å kunne styrke seg med fleire direkteruter, i tillegg til å holde Oslo-frekvensen på eit nivå som gagnar næringslivet på Haugalandet best mogeleg.

Privateigde Lufthavndrift AS tok over operasjonen av Haugesund Lufthavn frå statseigde Avinor i2019. Avtalen varer i 20 år.

Tidlegare vart rutenettet til og frå Haugesund bestemt av folk på eit kontor i hovudstaden, noko som ikkje alltid var ein fordel med tanke på å sikre det ønskte tilbodet på Haugalandet. Og alt såg bra ut etter at dei tok over flyplassdrifta frå og med 12. mai 2019. Ved innleiinga av 2020 såg prognosane ut til å gi ein auke på om lag 10 prosent frå dei om lag 623.000 passasjerane som reiste over Haugesund i 2019. Med andre ord rekna ein med å nærme seg 700.000 passasjerar. Men så kom koronapandemien. Resten er historie. Reiselivsbransjen, fly inkludert, og dermed også Lufthavndrift AS er blant dei som har fått kjenne hardast på konsekvensane av covid-19.

Tar tid å bygge opp

Sjølv om dei fleste nasjonane no er friskmelde frå covid-19, så er det ikkje gjort i ei handvending å få på plass nye ruter. Visnes fortel om ein bransje der det for flyselskapa handlar om å posisjonere seg rundt flyplassane der det bur mest folk.

— Det er utfordrande for Haugesund å krevje sin rett i høve til Frankfurt, Schiphol og London, seier han.

— Når kan me sjå nye ruter frå Haugesund?

— Det er vanskeleg å spå. Me håpar å vere tilbake på 2019-nivå i løpet av neste år, så får me sjå kva utslag det kan gje i form av nye direkteruter, seier han.

Lyspunkt

Men det finst lyspunkt allereie. Gdansk, til dømes. I dag er det tre avgangar i veka frå den flotte og historiske byen ved kysten av Østersjøen. Den skal snart opp i fem avgangar i veka. Noko som heng saman med mange arbeidsreisande til og frå verftet til Aker Solutions på Stord, som har fått det store Johan Castbergprosjektet.

Lufthavndrift AS kalkulerer med at om lag ein halv million passasjerar vil reise overHaugesund Lufthavn i år.

Det gir igjen ei påminning om kva som er den største drivaren på Haugesund Lufthamn, nemleg næringstrafikken. Og Visnes viser til at det er mykje spennande på gang i regionen vår framover. Batterifabrikk og anna utvikling av Haugaland Næringspark i Gismarvik, utbygging av vindmøllepark til havs og meir til. Alt vil generere passasjertrafikk over Helganes.

— Me er ikkje berre optimistar med atterhald. Me er optimistar, seier han.

Widerøe-suksess

Han kan også fortelje at Widerøe, som igjen er tilbake i Haugesund med direkterute til Bergen, har vorte ein suksess. Når SAS og Norwegian har tatt ned kapasitet med sine store fly i Noreg, har Widerøe lykkast med å bygge opp eit rutenett med sine mindre fly.

— I denne perioden har Widerøe i praksis utvikla Bergen som ein ny hub for deira operasjonar. Når direkteruta frå Haugesund også har fått gunstige samband med Widerøe sine andre ruter langs kysten nordover, så er det mange på Haugalandet som har oppdaga at ein kan reise på dagmøte på stader lenger nord, utan å måtte overnatte. Ein kan reise med morgonfly frå Haugesund og kome att om kvelden, seier han.

Visnes tør ikkje spå når den neste direkteruta frå Haugesund og ut i verda er på plass. Men legg ikkje skjul på at eitt av hovudmåla er å få ruta til København på plass igjen. Spørsmålet er nok ikkje om ho kjem tilbake, men når.

Finare avgangshall

Som eit ledd i å framstå meir attraktiv blir mellom anna avgangshallen rusta opp no. Nye og meir behagelege stolar og sofaar er alt på plass. Samstundes er kapasiteten på sitteplassar auka ein del. Nye, store, digitale panel på veggane gir både saumlaus informasjon til dei reisande, og reklameplass for verksemder som ønskjer å profilere seg.

I desse dagar endrar også Select Service Partner seg, som driftar konseptet frå dei mest enkle baguettar, til eit større utval av varmmat. Alt for at reisa skal bli ei betre oppleving

Powered by Labrador CMS