Harald Solberg, administrerande direktør i Noregs Rederiforbund, seier reiarlaga gjer sitt ytste for å vareta både ukrainske og russiske sjøfolk.FOTO: NPK
Russlands krig i Ukraina har store konsekvensar for reiarlaga
NPK-NTB: Sju av ti reiarlag er påverka av Russlands krig i Ukraina, ifølgje ei ny undersøking. Ifølgje Noregs Rederiforbund har krigen store konsekvensar for reiarlaga.
Dei direkte konsekvensane av krigen i Ukraina er at mannskapsskifte av russiske og ukrainske sjøfolk er krevjande. Det same gjeld utbetaling av lønn til russiske og ukrainske sjøfolk.
Om lag 2.000 russiske og 1.200 ukrainske sjøfolk jobbar i den norske flåten, opplyser Noregs Rederiforbund.
– Reiarlaga som er ramma, gjer sitt ytste for å vareta både dei ukrainske og dei russiske sjøfolka om bord, seier administrerande direktør Harald Solberg.
Han seier dei støttar dei strenge sanksjonane mot angrepet til Putin-regimet mot Ukraina, og at dei oppmodar medlemmene sine til å følgje dei pålegga, råd og tilrådingar som til kvar tid kjem frå norske og internasjonale styresmakter.
Før krigen hadde norskkontrollert utanriksflåte om lag 150 hamneanløp i året til Ukraina og om lag 1.300 hamneanløp i Russland.
– Vi ventar no at tryggingssituasjonen i det nordlege Svartehavet fører til ein kraftig reduksjon av anløp i Ukraina, og sanksjonane generelt – og særleg mot russiske bankar – vil føre til ein sterk reduksjon i samhandelen med Russland.
Fleire reiarlag, både i Europa og Noreg, har no sjølv vedteke å ikkje ta nye laster til og frå Russland. Dette vil truleg auke etter kvart som konflikten går føre seg.
– Det er etter vår vurdering svært viktig at sanksjonane i størst mogleg grad er styresmaktsbestemd, og at vi no unngår ei utvikling i retning av at bedriftene sjølv må ta grep ut over avgjerdene til styresmaktene, seier Solberg.