nyhende

Helland må ut i vegkanten for å vinke inn ein bil.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Helland må ut i vegkanten for å vinke inn ein bil.

Ruskøyring skjer kvar dag

Utrykkingspolitiet held ofte kontroll langs E39 i Sveio. Det er ein viktig måte å stanse både dei som køyrer for fort, og i rus. Ferske tal frå 2022 viser at over 1100 vart tekne for ruskøyring i politidistriktet. — Det skjer kvar dag, seier politibetjent Idar Helland i utrykkingspolitiet.

Publisert Sist oppdatert

Kontrollar i 2022:

• Meldingar ruspåverka køyring: 1.107.
– UP stod for 421 av desse.

• Forenkla førelegg: 10.505.
– UP stod for 9.297 av desse.

• Meldingar grunna høg fart: 617.
– UP stod for 522 av desse.

Automatisk trafikk-kontroll (fotoboks):
• Forenkla førelegg: 5.147.
• Meldingar: 99.

Tala er henta frå Sør-Vest Politidistrikt.

— Eg har vore i denne rolla i om lag tre år på dagen, seier Idar Helland.

Politibetjenten er del av utrykkingpolitiet sin uniformerte patrulje på Stord. Dei er ofte i Sveio.

Denne måndagen held han kontroll mellom Førde og Hanaleite. På ein jaktstol sit han åleine i buss-skuret og måler fart med laser.

— Partnaren min er sjuk i dag, seier Helland.

Idar Helland har tatt plass i buss-skuret på Hanaleite.

Før Vestavind kom på plass har han allereie skrive ut ein bot.

— Eg stoppa ein nesten rett etter at eg hadde sete meg på plass, seier Helland.

— Er der av ein grunn

I Sveio er det særleg to strekningar dei held kontrollar på. Det er 60-sonene på Førde og Haukås, samt påkøyringa til E39 frå fylkesveg 47.

60-sonene ligg i mellom strekningar med høgare fartsgrense, og Helland fortel at dei ofte ser at folk ikkje respekterer fartsgrensa.

— Sidan så mange vert stansa på desse strekningane, er det noko med vegen som bør endrast?

— Mi personlege meining er at ein må forhalde seg til skilta. Vegvesenet har skilta det slik grunna omgivnadane, her er det skule, nabolag og påkøyring. Fartsgrensa er der av ein grunn, seier Helland.

Nesten fotgjengar

Ein sjåfør på veg nordover susar forbi i 81 kilometer i timen.

— Sit du her? Spør Helland og kastar seg av garde i bilen.

Blålys og sirene breier seg over bygda medan Helland forsøkjer å ta igjen sjåføren. Nokre minutt seinare kjem han tilbake med ein bil på slep. Begge parkerer i busslomma. Dei pratar litt. Det forenkla førelegget vert godteke og sjåføren får køyre vidare.

— Det var dyrt. Tre prikkar og 9.300 kroner i bot, seier Helland.

Sjåføren er sikkert ikkje nøgd med bota, men det kunne ha vore mykje verre.

— Hadde det gått fem kilometer i timen raskare så hadde vedkomande blitt fotgjengar, seier Helland.

81 kilometer i timen. Denne bilen køyrde Helland etter med blålys.

At det køyrast for fort når man vert stoppa kan ein vere sikker på. Laseren til utrykkingspolitiet trekk alltid i frå tre kilometer i timen. Viss laseren måler til 67, så var den reelle farten 70 kilometer i timen.

Rus i trafikken

Medan bilane køyrer forbi i kvar si retning deler Helland nokre erfaringar. Ei sær hending var den gongen nokon hengde opp lapp som åtvara mot fartskontroll.

Lappen var hengt opp etter at Idar Helland og kollegaene var på plass. Så nokon må ha sett dei, køyrt heim og printa ut, før dei køyrde tilbake og hengde den opp.

— Det var på Stord, seier Helland.

Det er eit problem, fordi han meiner det er ikkje noko i politiet som berre er fart eller promillekontroll. Det er ein trafikk-kontroll.

Ein sjåfør tek ein blåseprøve etter å bli stoppa grunna høg fart.

— Under ein kvar kontakt med bilistar og publikum kan politibetjenten danne seg eit inntrykk av kva dei står ovanfor. Til dømes rus, seier Helland.

Mogelegvis kan ein varsla dei som køyrer rusa når ein varslar andre om kontroll.

Litt for høg fart er vanleg blant påverka sjåførar. Difor er det rutine at alle som vert stoppa gjev ein blåseprøve.

Testar positivt

Berre nokre minutt etterpå skjer det Helland snakkar om. Ein sjåfør kjem køyrande i 70 kilometer i timen i 60-sona. Vedkomande vert stansa og Helland fattar raskt mistanke om rus.

Ein spyttprøve vert teken og sjåføren innrømmer å ha nytt eit narkotisk stoff i løpet av dei siste dagane. Åtte minutt seinare kjem maskina som analyserer spyttet med eit svar.

— Ja, positiv for kokain, seier Helland.

En annan patrulje kjem så for å frakte sjåføren til legevakta for ein blodprøve. Sjåføren vert meldt til politiet.

Idar Helland har stoppa ein ny fartssyndar.

Helland understrekar at spyttprøven berre gjev ein indikasjon, og at det er blodprøven som avgjer om sjåføren er rusa eller ikkje.

Hendinga er nokså typisk for kva UP opplever langs vegane.

— Men det er nesten komisk at eg snakka om ein slik situasjon tidlegare, og så skjer det, seier Helland.

Kvar dag

Han fortel at køyring i påverka tilstand skjer kvar dag, til alle timar i døgnet.

Ein bil på veg sørover vert målt til 69 kilometer i timen og vinkast inn. Blåseprøven er negativ og bota ikkje så stor.

— Den kjem på 2.300 kroner og ingen prikkar, seier Helland.

Fire bilar vart stansa under kontrollen, og bøter for 16.200 kroner delt ut.

Powered by Labrador CMS