nyhende
Rusa sjåfør i Bømlafjordtunnelen
Politiet stoppa ein bil grunna vinglande køyring torsdag kveld.
I Bømlafjordtunnelen oppdaga politiet ein bil som ikkje køyrde heilt riktig torsdag klokka 19.
— Det var vel litt vinglande køyring, seier Nina Fagerland, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Då fekk dei bilen til å stansa. Der sat ein mann i slutten av 20-åra. Han er ikkje kjend for politiet frå før.
— Der var det mistanke om rus hos førar. Det var tekne nødvendige prøver på staden, og oppretta ei sak, seier Fagerland.
Annonse
— Vart førarkortet beslaglagt?
— Nei, seier ho.
— Fekk han køyre vidare?
— Nei, det var ein passasjer som tok over og køyrde bilen vidare, svarar Fagerland.