nyhende
Rundt 500 skal vaksinerast denne veka – slik blir det i sommar
I alt 1574 sveibuar har no fått 1. dose, medan 964 personar av desse er fullvaksinerte.
Denne veka (veke 22) startar Sveio kommune å vaksinera gruppe 8, som er friske personar i alderen 55-64 år.
– Då vil me ha vaksinert alle personar med alvorlege eller underliggande sjukdommar som har registrert seg i vaksinekø. Me får 83 hetteglas med vaksiner som tilsvarar ca. 500 vaksinedosar. Omlag halvparten er 1. dosar, opplyser kommunalsjef Helse og omsorg, Ingunn Toft.
Parkeringsvakt
Det er venta stort trykk på parkeringsplassen på torsdag når omlag 500 personar skal innom Sveio soknehus for vaksinasjon.
– Dette krev mykje logistikk og planlegging. Det vil og gje mykje trafikk i sentrum, og det vil vera parkeringsvakt for å sikra ei god flyt, opplyser Toft.
Vaksinering i ferien
Kommunalsjefen kan elles melda at i sommar (vekene 26-32) vil vaksinasjonen gå føre seg på Vigdartun. Frivillige er med og hjelper til, og det vil òg vera ein del fleire kommunale tilsette som vil bistå på vaksinasjonsdagane.
– Sveio kommune har planlagt for, og vil fint klara å ta i mot så mange dosar me får tildelt. Me vil vera fleksible ved innkalling, slik at det vil vere fullt mogleg å kunna tilpassa vaksinasjon til ferieavvikling, forsikrar Toft.
Ho oppmodar samstundes om at flest mogleg registrerar seg i vaksinekø, då det fort kan bli deira tur.