nyhende
Rudi vil berika senteret med lokal mat
Rudi Gjerde i Sveio helsefarm ønskjer å få på plass eit utsal for kortreist økologisk mat på Sveio senter. Han håpar å starta opp i løpet av november månad.
– For at me skal kunna tilby eit større sortiment ønskjer eg å spela på lag med andre som har noko å selja, seier primus motor bak tiltaket, Rudi Gjerde.
Fokus på rein mat
Sveibuen fokuserer på rein mat, utan bruk av sprøytemidlar eller kjemiske tilsetningsstoff. Sjølv produserar han frukt og bær, samt ferskpressa eplemost, saft og syltetøy. Frå før driv han direktesal via Reko-ringen, og leverer også eplemost til ulike serveringsstader.
Den engasjerte bær- og fruktdyrkaren har tidlegare jobba i oljebransjen, men går no fullt og heilt inn for økologisk dyrking. Framtidsdraumen er å etablera eigen gardsbutikk.
Eigen frukthage
I frukthagen heime på Moldbrekke har han planta både eple- og plommetre, men ennå er det lite som kan haustast frå eigen gard. Enn så lenge hentar han økologiske dyrka eple frå andre plassar.
Av eigne bær lagar han ulike syltetøyvariantar. Han dyrkar jordbær, solbær, rips og blåbær og stikkelsbær. Totalt i år har han plukka opp mot tre tonn frukt og bær.
Blåbær-samarbeid
Denne sesongen har han inngått samarbeid med Alfred Mitchell, innehavar av Blåbærhagen på Utbjoa.
– Med dette samarbeidet har me blitt skikkeleg store, noko som gjer det lettare å få subsidiar. Me har også fått Debio-sertifisering på alt me produserer sjølve, noko som igjen betyr tryggleik for kunden. Debio er garantisten for at varer er produsert på ein økologisk og bærekraftig måte, opplyser Gjerde.
Han snakkar seg gjerne varm om kor viktig det er med økologisk dyrking. Det er også ein av grunnane til at han sa ja til å vera styremedlem i Økologisk Rogaland. På den måten kan han vera med og påverka folk til å kjøpa rein og kortreist mat, noko han tykkjer er svært viktig.