nyhende
Røykutvikling i Bømlafjordtunnelen
Torsdag morgon fekk eit vogntog problem i Bømlafjordtunnelen.
Tunnelen vart stengt like før klokka 9, grunna røykutvikling frå eit vogntog.
Ifølgje ei melding frå Vegtrafikksentralen på Twitter var det ein øydelagd vasslange som var skuld i røyk/damp.
Tunnelen var stengt i nesten ein time, men klokka 9.41 melde Vegtrafikksentralen at tunnelen vart opna med redusert hastigheit, og at trafikken vart dirigert forbi havaristen.