nyhende

Ruth Linda Årre
Ruth Linda Årre

Rosar lokalpolitikarane

Ruth Linda Årre er vekas «Hei, sveibu».

Publisert Sist oppdatert

Faktaboks

Namn: Ruth Linda Årre

Alder: 44 år

Bustad: Auklandshamn

 – Kva gjer du til dagleg?
– Eg jobbar på ambulansen i Haugesund, og jobbar også som nattevakt på omsorgssenteret i Sveio og i heimetjenesta. På fritida er det mykje køyring av barn til trening. I tillegg brukar eg ein del tid i Tabernaklet i Haugesund og på å vera saman med familie og vener.

– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Det må vera det å bu på landet, midt i naturen.

– Er det noko du saknar i Sveio?
– Nei, det trur eg ikkje.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det må vera ungdomsgjengen me hadde då eg var ungdom, og alle de fine sommarkveldane ute med bål og volleyball.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Eg vil framsnakka lokalpolitikarne våre, for at dei gir av  tid a si og engasjerer seg for at me skal få det best mulig i kommunen vår.

Powered by Labrador CMS