nyhende
Ropar varsku om utanforskap
Sveio ligg dårlegare an enn nabokommunane i Sunnhordland når det gjeld levekår og fattigdom. Og det er særleg unge utanfor skule og arbeidsliv som trekkjer ned.
Generelt har Sunnhordland nokså mange utanforskap samanlikna med resten av Vestland fylke, går det fram av NAV si omverdsanalyse for 2023. For Sveio sin del viser analysen mellom anna at kommunen har over gjennomsnittet i Vestland når det gjeld sosialhjelpmottakarar i aldersgruppa 18-24 år og unge uføre i aldersgruppa 18-49 år, målt etter folketalet. Sveio har også høgare sjukefråver enn gjennomsnittet av kommunane i Vestland, har fleire melde lovbrot og kjem totalt dårlegare ut på den totale leverkårsrangeringa.
I den totale rangeringa ligg nabokommunar som Bømlo, Stord, Fitjar og Austevoll på gjennomsnittet. Kvinnherad ligg under gjennomsnittet, men i mindre grad enn Sveio.
Kan kosta dyrt
På kommunestyremøtet i februar viste Arne Valen (Sp) til desse tala frå omverdsanalysen og meinte også at det er fare for mørketal av eit visst omfang.
– Dei unge utanfor skule og arbeid står i fare for å bli uføre. Offentlege utrekningar viser at kvar og ein av dese kostar samfunnet mellom 17 og 20 millionar kroner. I tillegg kjem alle dei emosjonelle kostnadene for familiane til dei som fell utanfor, sa Valen mellom anna.
Leiar ved NAV i Sveio, Sindre Vikanes, seier dei har eit anslag som viser at rundt 75 unge i alderen 20-29 år som står utan skule- eller arbeidsplass, ikkje får noko yting frå det offentlege. Talet på registrerte NAV-brukarar under 30 år var 80 i januar i år. Dette talet har variert ein del. I januar i fjor låg det på 77, i mai i fjor var det nede i 64, viser ein graf Vestavind har fått tilgang til.
Verst i distrikta
Vikanes seier det er fleire og samansette årsaker til desse tala og til at kommunen kjem såpass dårleg ut i omverdsanalysen.
– Over tid har me sett utfordringane når det gjeld inntekt, talet på uføre og talet på sjukefråver. Distrikta har generelt større utfordringar enn sentrale strok. Det kan vera eit mindre variert næringsliv, færre jobbmoglegheiter, tenester og aktivitetar. Det har mellom anna å gjera med store avstandar både til dei som kan hjelpa og til arbeidsplassar. Om nokon misser jobben og har dårleg mobilitet, kan det vera vanskeleg å få nytt arbeid også. Me kan heller ikkje utelukka at arv, miljø og kultur er faktorar som påverkar resultata, seier NAV-leiaren.
– Er det også ein tendens til at folk med problem flyttar frå sentrale til meir grisgrendte strok?
– Det kan eg ikkje talfesta. Men det er jo gjerne billegare å skaffa seg bustad og generelt billegare å bu på landsbygda enn i byane. Det kan medverka til at folk med dårleg råd flyttar den vegen, seier Vikanes.
Vellukka tiltak
NAV og Sveio kommune har sett i verk fleire tiltak for å motverka fattigdom blant barn og unge. Og det er tiltak som gir resultat, seier Vikanes.
– Eitt av desse tiltaka er såkalla inkluderingsmidlar som alle kan søkja på, og der det er minst mogleg byråkrati omkring behandlinga av søknadane. Også trenarar og lærarar som ser eit behov, kan hjelpa barn og unge med å søkja, for eksempel til ny skulesekk eller utgifter i samband med fritidsaktivitetar. I fjor brukte me opp heile budsjettet til inkluderingsmidlar. Me ser eit aukande behov etter som levekostnadane har auka.
Det andre tiltaket Vikanes nemner og som er gjennomført, er ein fast kontaktperson ved det lokale NAV-kontoret som kan koma raskt i gang med tiltak overfor unge som er i ferd med å falla utanfor.
Ba om unntak
Arne Valen, som er leiar i hovudutval for helse og omsorg, viste til omverdsanalysen i samband med ei referatsak der rådmannen varsla at han innanfor sitt ansvarsområde ville gjennomføra ei generell innsparing på fem prosent på driftsbudsjettet. Dei innsparte midlane vil rådmannen setja av på fond.
Valen foreslo eit unntak frå sparetiltaket for NAV, nettopp på grunn av auka behov blant barn og unge. Han fekk ikkje fleirtal for dette forslaget i denne omgang, sjølv om representantar for fleire parti understreka at det er viktig å følgja med utviklinga.