nyhende

Ronny Valdersnes blir rektor på Vikse skule. Her som storfiskar i feriemodus.
Ronny Valdersnes blir rektor på Vikse skule. Her som storfiskar i feriemodus.

Ronny Valdersnes blir den nye rektoren på Vikse

Ronny Valdersnes (50) har takka ja til stillinga som rektor ved Vikse skule. Han tiltrer i stillinga etter avtale i løpet av hausten og innan 1. oktober.

Publisert Sist oppdatert

Valdersnes har vore rektor ved Skjold skule i Vindafjord dei siste to åra. Han har også jobba på Gard som inspektør, og på Solvang.

– Eg kjem opphavleg frå Radøy i Nord Hordland, men dialekten har nok krope litt sørover med åra, vedgår Valdersnes som er busett i Haugesund. Når Vestavind ringjer står han i fjæresteinane og fiskar, og må først berga sluken før han kan svara på spørsmål.

– Eg gler meg til å byrja på Vikse, det blir kjempespennande, seier sportsfiskaren som alt har vore og helsa på inspektøren på sin nye arbeidsplass.

– Har du gjort deg ambisjonar om den nye jobben?

– Først av alt må eg bli kjent med kva som finst på skulen frå før, og kva skulen står for. Elles tenkjer eg at når ein byrjar som rektor ein stad har ein jo lyst å tilføra noko sjølv også, men som sagt først må eg gjera meg kjent.

Valdersnes tek over etter Solveig Skattkjær som går over i ny jobb i Viken fylkeskommune.

Det var totalt fire – ei kvinne og tre menn som søkte på rektorstillinga ved Vikse skule.

Powered by Labrador CMS