nyhende

Haugesund politistasjon.
Haugesund politistasjon.

Roleg nyttårsfeiring i Sveio – etterforskar drap i Haugesund

Publisert Sist oppdatert

Nyttårsfeiringa i Sveio ser ut til å ha gått i rolege formar. Politiet har ikkje hatt nokon oppdrag i kommunen natt til 1. nyttårsdag.

— Det ser ut til at sveibuen har oppført seg fint, seier vaktsjef Gunnar Sande ved Haugesund politistasjon til Vestavind.

Drap i Haugesund

Men politiet har hatt det travelt i regionsenteret Haugesund, kor det klokka 01.28 kom inn melding om at ein mann var knivstukken i Presthaugvegen.

Naudetatane var raskt på staden, og det vart gitt livreddande førstehjelp. Men livet til mannen sto ikkje til å redde. Han vart erklært død klokka 02.10, skriv Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding.

To personar sikta

To menn i 20-åra er sikta i saka, ein for drap og ein for medverknad til drap.

Det skal ha vore fleire personar til stades, skriv Haugesunds Avis.

Deb døde sine pårørande er varsla.

Powered by Labrador CMS