nyhende
– Riven i løpet av veka
Sveio sin gamle brannstasjon fekk måndag besøk av Sindre Nes og gravemaskina hans. Saman skal dei riva det gamle bygget og gjera klart til nytt.
Førre veke byrja arbeidet for hand, kor noko av stasjonen vart riven innandørs. Måndag starta arbeidet med gravemaskin, og i den sit ein kar som kjem i frå Førde.
– Eg kjem opphaveleg i frå Askvoll, det er rett nord for Førde, seier Sindre Nes, maskinførar og askvolling.
Riv bit for bit
Det Førde som han snakkar om er ikkje staden som ligg mellom Valevåg og Sveio, men eit anna Førde langt nord i Vestland fylke. Kvar veke pendlar han ned hit og jobbar fire dagar. Denne veka er det Leitevegen som er arbeidsplassen hans.
– Det har gått veldig fint så langt, seier Nes.
– Kva gjer du denne veka?
– Eg riv huset bit for bit, og så sorterer eg undervegs slik at alt kjem i riktig konteiner, svarar Nes.
Alt vel så langt
Då Vestavind var på besøk var deler av veggen borte, og ein fekk eit godt innsyn i den gamle hallen.
– Har det vore nokon overraskingar?
– Nei ,alt har berre gått bra, seier Nes.