nyhende
RIT framfører Olav H. Hauge i kulturkyrkja
Trioen bak RIT er Inger-Kristne Riber, Reidun Horvei og Katherine Jane Hanson, som lenge har hatt ein draum om å formidla Olav H. Hauge sine dikt om natur og årstider i ord og tonar.
Torsdag 7. oktober kan ein oppleva førestillinga i fem delar i Valestrand kulturkyrkje. I følgje ei pressemelding, gir RIT ein rik tilgang til Hauge si storslåtte dikting. Det ikoniske diktet «Det er den draumen me ber på» gir RIT det overordna dramatiske fundamentet. «At noko vedunderleg skal skje, at det må skje, at tidi skal opna seg, at hjarta skal opna seg, at kjelder skal springa, at draumen skal opna seg, at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um».
Nokre av dikta blir resitert, andre er tonesett, og atter andre er musikk utan ord.