nyhende
Ringnes kallar tilbake alt av julebrus på flasker
Det er avdekka skadar i flaskemunninga på 0,33 liters blanke glasflasker som blir brukt til julebrus og eplemost. Som et føre var-tiltak vel Ringnes å tilbakekalla produkt som er levert på dei aktuelle flaskene.
Ringnes er kjent med 9 tilfelle av avvik på totalt 11,8 millionar flasker julebrus og eplemost som er produsert i 2023.
– Av omsyn til sikkerheita til våre forbrukarar har me ikkje noko anna val enn å tilbakekalla produkta som er tappa på denne flasketypen, seier kvalitetssjef i Ringnes, Anett Christensen i ei pressemelding.
Produkta dette gjelder er Dahls Julebrus, Dahls julebrus Lett, Hamar & Lillehammer julebrus, Hamar & Lillehammer julebrus Lett, Mozell Eplemost og Tou Eplemost.
Forbrukarane kan returnera uopna flasker til utsalsstadar og vil få refundert pengane for vara.
Skadane på flaskene er synleg etter opning. Forbrukarane skal difor ikkje vera bekymra for at dei kan ha drukke av ei skada flaske utan at dette er oppdaga.
Ringnes rekk ikkje å produsera ny julebrus på glasflasker. Til dei som er opptatt av å sikra seg sin julebrusfavoritt til jul, fortel kommunikasjonssjef i Ringnes, Nicolay Bruusgaard, at det er mykje julebrus på dei andre formata ute i butikk, boks og plastflasker i ulike storleikar.