nyhende

Sigbjørn Apeland (59) er på plass i stillinga som kantor i barndomskommunen Sveio.
Sigbjørn Apeland (59) er på plass i stillinga som kantor i barndomskommunen Sveio.

Ringen slutta for allsidig musikar

Ein sveibu har funne tilbake til røtene sine. Me møter han i kyrkja, ved det same instrumentet der han fekk sine første speletimar på, orgel og der han som 15-åring debuterte som organistvikar.

Publisert Sist oppdatert

Sigbjørn Apeland (59) er på plass i den nye stillinga si som kantor i Sveio. Torsdag hadde han det første oppdraget: Øving med Sveio barnekor. Og søndag møtte han eit stort publikum då han medverka på Ad Libitum sin store folkemusikkonsert. I tillegg til å spela både til Ad Libitum og barnekoret, akkompagnerte han også den kjende folkemusikaren Berit Opheim frå Voss.

Langvarig samarbeid

Opheim og Apeland har hatt tett samarbeid gjennom mange år, mellom anna i samband med konsertar og innspelingar. På 1990-talet gjennomførte dei fleire turnear til skular med forestillingar som «Høyr skipsklokka» og «Sette meg i huskestong».

– I det heile har eg jobba meir med folkemusikk enn som organist, seier Apeland, som også er med i Nils Økland Band og har ei lang karriere som jazzmusikar bak seg. Det vil han gjerne også halda fram med.

Som jazzmusikar blei han tildelt Vossajazzprisen i 2014. I 2023 blei han nominert til folkemusikkprisen og året etter til Spellemannprisen saman med Nils Økland for innspelinga «Glimmer».

Han har elles medverka på ei rekke konsertar og innspelingar innanfor ulike sjangrar.

Musikklæraren såg talentet

Men det starta med orgelundervisning i Sveio, her han vaks opp.

– Eller eigentleg starta det med piano, men læraren min på musikkskulen – Dagfinn Reinertsen – brukte å konvertera dei mest talentfulle elevane sine til orgel, fortel Apeland.

Dermed hamna han på krakken framfor det austtyske kvalitetsorgelet i Sveio kyrkje som han framleis gir topp karakter. I det heile er han svært nøgd med instrumenta i alle Sveio-kyrkjene. Siste tilskotet i så måte er det nye flygelet i Sveio kyrkje som blei tatt i bruk for første gong under konserten søndag.

– Alltid instrument heime

– Kjem du frå ein musikalsk familie?

– Det var alltid instrument heime hos oss, og foreldra våre la til rette for at me skulle få musikkundervisning. Men det er først i min generasjon nokon av oss har levd av musikken, seier han.

I denne samanheng viser han også til broren Tormod, som har lang erfaring som heiltids rockemusikar.

Etter fullført ungdomsskule gjekk ferda til musikklina ved Skeisvang videregående skole. Etter den første vikarjobben som 15-åring heldt han fram med å vikariera som organist, og etter vidaregåande fall det heilt naturleg å gå vidare på Rogaland musikkonservatorium.

Forsking og doktorgrad

Apeland har vore kantor i Ølen og i Sandvikskirken i Bergen. Som sivilarbeidar i 1992 fekk han arbeid ved folkemusikkarkivet Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen (UiB). Sidan den gongen har han hatt ei tilknyting til dette arkivet. Etter kvart blei det studier i etnomusikologi ved UiB. Og med stipend frå Griegakademiet tok han doktorgrad i 2005. «Kyrkjemusikkdiskursen. Musikklivet i Den norske kyrkja som diskursiv praksis» er tittelen på doktoravhandlinga hans.

I tillegg til avvhandlinga har han skrive fleire bøker og fagartiklar, og mellom anna vore med i redaksjonen for musikkverket Norsk koralbok.

Apeland har dei siste åra vore førsteamanuensis ved UiB knytt til folkemusikkarkivet Arne Bjørndals samling. Det har han tenkt å halda fram med, ettersom kantorstillinga i Sveio berre er på 60 prosent.

– Eg ser for meg at eg arbeidar på UiB dei første dagane i veka og i Sveio dei siste dagane. Jobben ved UiB er svært fleksibel i så måte, seier han.

Blir pendlar

– Det medfører at du framleis blir buande i Bergen?

– Ja, der har me tre vaksne barn og barnebarn som me gjerne vil halda tett kontakt med. Men både kona mi og eg har også nær familie her i Sveio. Det er også noko av grunnen til at eg søkte denne kantorstillinga. Og me har ein fritidsbustad i Førde sentrum som me brukar ein god del året rundt.

– Kva visjonar har du for den nye stillinga di i Sveio?

– Først og fremst må eg fornya kjennskapet til folket her. Og bli kjent med alt som er nytt. Eg må bli kjent med dei som arbeidar i kyrkja og med musikklivet. Ikkje minst det friviljuge musikklivet, som er svært viktig. Så får me sjå kva det er behov for. Eg har jo svært mange kontaktar å spela på. Samstundes er det avgrensa kva ein får gjort innanfor ramma av ei 60 prosent stilling, seier Apeland.

Valenfestivalen blir definitivt ikkje ein del av oppgåvene innanfor denne stillingsramma. Samstundes seier Apeland seg svært glad for at denne festivalen finst.

– Eg har alltid likt Fartein Valen sin musikk og går gjerne på på konsertane, seier han.

Powered by Labrador CMS