nyhende

Ring ein havforskar om du ser hai i sommar

Brugda er den nest største fisken i verda, og i sommar kan du vere så heldig å sjå haien på nært hald langs kysten. Gjer du det, vil forskarane gjerne høyre om det.

Publisert Sist oppdatert

Vi veit lite om haiartane i Noreg, men no gjer ei gruppe forskarar frå Havforskingsinstituttet eit forsøk på å finne ut meir – og dei er heilt avhengige av hjelp frå publikum.

Ein velkjend haifinne lurande i havoverflata og langsame, elegante rørsler i vatnet. Det er det du må speide etter om du er på utkikk etter hai.

– Det vi har observert og dei opplysningane vi har fått frå publikum er frå når brugda er i overflata og er synleg, alt som skjer elles prøvar vi først no å finne ut av. Viss folk ringer inn når dei ser haien, er det større sjanse for å få merka brugda og få meir kunnskap.

Det seier Otte Bjelland, forskar ved Havforskingsinstituttet. Han er på tråden med Nynorsk pressekontor frå ein båt i Lofoten. Han tek seg tid til ein prat medan båten, med fleire havforskarar om bord, er i fint driv på eit siste søk etter brugde før dei vender baugen mot land i nokre veker.

Målet er å finne brugder langs norskekysten og kome nær nok til å satellittmerke dei. På den måten kan forskarane få verdifull informasjon om korleis haien migrerer og bevegar seg gjennom sesongane.

Hotline for hai

Sidan Havforskingsinstituttet lanserte ein «haitelefon» i juni, eit nummer du kan ringe om du spottar hai ute på havet, har det gått varmt i telefonrøyret.

– Vi hadde ikkje fått merka så mange utan publikumshjelp. Det har vore uvurderleg og «alle» har ringt inn. Vi har fått telefonar både frå ferjer, hurtigbåtar, redningsskøyter, oppdrettsbåtar og fiskebåtar – òg familiar på tur. Ja, den har slått an den altså, seier ein nøgd Bjelland.

Takka vere hjelp frå observante folk har forskarane hittil merka ti brugder. Det er over dobbelt så mange som i fjor, og tidleg i juli henta dei også opp eitt av satellittmerka frå merkinga i fjor. Merka er festa på haien i eitt år og var venta å losne i sommar.

– Dei er ei gullgruve av data. Dei registrerer djupne, temperatur og lys og kan gi oss svar på kor brugda oppheld seg gjennom året og korleis ho bevegar seg.

Uvanleg garnfangst i Sveio

Når forskarane merkar haien er målet å sette merket på best mogleg plass med mest mogleg kontroll.

– Det som er viktigast å tenke på er at haien skal ha det best mogleg og vere minst mogleg påverka av merkinga og at vi kjem nær han. Vi går veldig forsiktig fram og viss vi ikkje er heilt nøgde med korleis vi kjem til, trekker vi oss heller tilbake og lét brugda skli frå oss, forsikrar Bjelland.

Båten og forskargruppa har hovudsakleg fått meldingar om haiobservasjonar ved Lofoten og Vesterålen, men Bjelland kan informere om at dei seinast tidlegare på dagen tok imot ein telefon om brugde ved Fedje i Vestland.

Men brugda held seg også lenger sør. Sommaren 2017 trudde Jan-Tore Halvorsen at han hadde fått ei nise eller ei stor kveite på garnet utanfor hytta i Sveio. Det skulle visa seg å vera noko heilt anna.

13 meter lang og 19 tonn

Brugda er planktonetande og gjennom eit enormt gap sankar ho plankton medan ho sym.

Fisken kan bli opptil 13 meter lang og vege opptil 19 tonn. Sjølv om brugda kan bli svært stor og det store gapet kan verke skremmande, er det berre å slappe av.

– Dei er ikkje farlege for menneske. Om du plagar brugda kan ho verte farleg og for eksempel slå med halefinnen, men det er viktig å ta omsyn til dei store haiane og passe på å halde seg vekk. Både med tanke på tryggleik for oss menneske, men også i aller største grad med tanke på tryggleik for haien, understrekar Bjelland.

Om våren trekker den store fisken opp til havoverflata og inn til kystnære landområde. Men kvifor er det slik?

– Hadde vi berre kunna svart på det, seier Bjelland. Det er slike ting vi prøvar å finne ut av. Vi har mange teoriar om kvifor det er slik, men vi vil gjerne ha vitskaplege svar framfor synsing, og det håpar vi merka kan gi oss, held han fram.

Håbrann er nestemann ut

Mange kjensler har vore i omspel dei siste vekene medan forskarane har vore på oppdrag på havet. Det har gått varmt i «hailinja» sidan ho vart lansert.

Sjølv om forskarane avsluttar det daglege søket etter brugde no i juli, oppfordrar Bjelland framleis folk til å ringe om dei ser hai. For seinare i sommar er det håbrannen som står for tur.

Håbrann er ein hurtigsymjande rovhai og er i same familie som den frykta kvithaien som finst lenger sør på kloden.

I byrjinga av august tek satellittmerkinga til, og Bjelland håpar på god hjelp frå folk under denne jakta også.

Imponerande tanngard

– Håbrannen oppheld seg langs heile norskekysten, så her er vi avhengig av publikum igjen for å finne dei. I fjor hadde vi litt suksess i Lofoten og Vesterålen, men vi prøvar å vere så fleksible som mogleg om dei plutseleg dukkar opp andre stadar også.

Han trekker fram både mørekysten, men også områda sør for Stad, rundt Måløy og Florø, som aktuelle beiteområde for håbrann denne sesongen.

– Er han farleg?

– Håbrannen er absolutt ikkje farleg ute i det fri, men han har ein imponerande tanngard med skarpe tenner, så viss du tek han opp i båten skal du halde deg vekk. Han bit hardt og kan nok lage eit godt merke ser eg føre meg, åtvarar Otte Bjelland.

Powered by Labrador CMS