nyhende

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen presenterer resultatet av den årlege revisjonen av rekneskapane til staten. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen presenterer resultatet av den årlege revisjonen av rekneskapane til staten.

Riksrevisjonen: Trippelsmell for norsk økonomi

Norsk økonomi må møta tre store utfordringar samtidig dei neste åra, viser Riksrevisjonens splitter nye økonomiske analysar.

Publisert Sist oppdatert

Utgiftene til staten kjem til å veksa med sju milliardar kroner i gjennomsnitt kvart år fram til 2060, ifølgje perspektivmeldinga frå 2024.

– Eg er usikker på om det norske folket er klar over kva dette faktisk betyr, altså kor mykje samfunnet må omstilla seg og kor harde prioriteringar politikarane må gjera framover, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i ei pressemelding.

Vorte avhengige av Oljefondet

Samtidig har den norske velferdsstaten vorte langt meir avhengig av Oljefondet enn venta. Midlar frå Oljefondet finansierte over ein femdel av statsrekneskapen i 2024, og det har vore mogleg fordi Oljefondet har vakse langt fortare enn venta.

Men det skaper sårbarheiter, for Oljefondet er veldig eksponert for svingingar i aksjemarknadene i verda.

I tillegg fryktar Riksrevisjonen at perspektivmeldinga er for optimistisk. Ho føreset nemleg moderate endringar i standarden på offentlege tenester og talet på arbeidsføre, og samtidig positiv produktivitetsvekst.

– Det er heilt avgjerande at politikarane tek denne uvissa på alvor og ikkje fører ein for optimistisk eller kortsiktig politikk, seier Schjøtt-Pedersen.

Første gong

Det er heilt nytt at Riksrevisjonen lagar ein økonomisk analyse. I pressemeldinga påpeikar dei at oppgåva deira først og fremst er å kontrollera at staten bruker pengar slik Stortinget har bestemt, men også å bidra til forståing.

– Difor legg me i år – for første gong – fram våre vurderingar av analysar som er gjort av Noregs finanspolitiske berekraft, altså korleis pengebruken til staten heng saman med kva me faktisk har råd til – både no og i framtida, seier Schjøtt-Pedersen.

Han understrekar samtidig at Riksrevisjonen ikkje peikar på politiske løysingar.

Powered by Labrador CMS