nyhende
Riksrevisjonen gir Nav kritikk – har ikkje gitt sjukmelde og AAP-mottakarar oppfølginga dei treng
Sjukmelde får for lite oppfølging frå Nav, og vurderinga av sjukepenge- og AAP-søknader er ikkje streng nok, meiner Riksrevisjonen.
Nav sin innsats for å forhindre fråfall frå arbeidslivet er kritikkverdig, meiner Riksrevisjonen.
Det er det nest høgaste av tre kritikknivå som dei kan gi, mildare enn «sterkt kritikkverdig» og strengare enn «ikkje tilfredsstillande».
Andelen som får helserelaterte ytingar, har auka sidan 2019 og målet om å redusere fråfallet frå arbeidslivet er ikkje nådd, er blant konklusjonane.
Kontrollerer ikkje nok
Kort fortalt meiner Riksrevisjonen at Nav ikkje har god nok kontroll på om folk oppfyller krava for å få ytingar som sjukepengar, arbeidsavklaringspengar (AAP), og uføretrygd. I tillegg peikar dei på at sjukmelde får for lite oppfølging frå Nav, og at mange AAP-mottakarar ikkje deltek i arbeidsmarknadstiltak.
Det er også varierande korleis ulike Nav-kontor praktiserer regelverket. Også når ein kontrollerer for faktorar som sosioøkonomiske forskjellar mellom kommunar og lokale arbeidsmarknader, har nokre kontor langt høgare avslagsrate for mellom anna AAP-søknader enn andre.
– Nav kan ikkje løyse utfordringa med fråfall frå arbeidslivet åleine. Vi er likevel samde i at også Nav kan bli betre til å hindre fråfall og inkludere fleire i arbeid, seier arbeidsdirektør Sonja Skinnarland i Nav.
Ho seier at etaten mellom anna ser at sjukefråværsoppfølginga ikkje fungerer godt nok.
– Nav vil prioritere dei som står i fare for å falle ut. For å få til dette, må vi utvikle både regelverk og digitale løysingar. Det er vi i godt i gang med, men vi må også ha med oss politikarane, seier Skinnarland.
Vil sikre meir standardisert praksis
Ho legg til at sjukefråværet har sokke så langt i år, og at veksten i talet på unge uføre har flata ut.
– Delar av inngangsvilkåra for å få arbeidsavklaringspengar er skjønnsmessige, då vil det alltid vere variasjonar mellom Nav-kontora. Dette er vi allereie godt i gang med å sikre meir standardisert praksis, og auke kvaliteten i vurderingane vi gjer, seier arbeidsdirektøren.
Riksrevisjonen tilrår at Arbeids- og inkluderingsdepartementet sørgjer for at Nav får betre vilkår for å fange opp kven som treng meir oppfølging, og sørgjer for betre informasjonsutveksling mellom Nav, fastlegar og arbeidsgivarar.
Er allereie sett i verk fleire tiltak
I tillegg får departementet ei tilråding om å gjere at AAP blir ei «aktiv arbeidsretta yting, slik at arbeidsevna til mottakarane blir avklart» i større grad enn i dag.
Det er andre gong på to veker at Nav får kritikk av Riksrevisjonen. 11. november gjekk Nav-sjef Hans Christian Holte av etter at det vart avslørt at Nav hadde feilinformert både departement og Riksrevisjonen.
I svaret sitt til Riksrevisjonen, som er inkludert i rapporten, skriv arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) at forholda «i stor grad har vore kjent» og at det allereie er sett i verk fleire tiltak.