nyhende

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen overleverte tysdag ein ny rapport til kontrollkomiteen om Kielland-ulykka i 1980. I den blir det konkludert med at det var alvorlege svakheiter i korleis styresmaktene varetok ansvaret sitt før ulykka. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NP
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen overleverte tysdag ein ny rapport til kontrollkomiteen om Kielland-ulykka i 1980. I den blir det konkludert med at det var alvorlege svakheiter i korleis styresmaktene varetok ansvaret sitt før ulykka.

Riksrevisjonen: Alvorlege svakheiter hos styresmaktene før Kielland-ulykka

Det var store svakheiter i korleis styresmaktene handterte ansvaret sitt før Alexander Kielland-ulykka i 1980, der 123 menneske omkom, meiner Riksrevisjonen.

Publisert Sist oppdatert

– Styresmaktene hadde ikkje hovudansvaret for ulykka, men det var alvorlege svakheiter i korleis styresmaktene varetok ansvaret sitt før ulykka, heiter det i Riksrevisjonens seinaste rapport.

123 omkom

Desse svakheitene kan ha hatt noko å seie for at ulykka kunne skje, og at konsekvensane vart så store, heiter det vidare.

123 av 212 menneske om bord omkom då bustadplattforma Alexander L. Kielland kantra i høg sjø 27. mars 1980. Riksrevisjonen – vaktbikkja til styresmaktene – har på nytt undersøkt ansvaret til styresmaktene.

I rapporten frå 2021 retta Riksrevisjonen sterk kritikk mot handteringa til styresmaktene av det som blir rekna som den største industriulykka i noregshistoria.

Mange granskingar

Stortinget bad i juni si eiga vaktbikkje, Riksrevisjonen, om å på ny undersøkje ansvaret til styresmaktene for at ulykka kunne skje og den manglande oppfølginga til styresmaktene av overlevande og etterlatne.

Bakgrunnen var at det sidan førre gong Riksrevisjonen såg på saka for fire år sidan, har komme to andre rapportar om ulykka med ny informasjon.

Styremedlemmen for Kjelland-nettverket Åse Kringlebotn (t.v.) og styreleiar Anders Helliksen (t.h.) var til stades då Riksrevisjonens seinaste Kielland-rapport vart lagt fram for kontrollkomiteen.

Men vurderinga er at dei to nye rapportane ikkje gir grunnlag for å endre kritikken dei kom med i 2021.

– Dei private aktørane hadde hovudansvaret for at tryggleiken i petroleumsverksemda vart vareteken, og at regelverket vart følgt i eiga verksemd. Styresmaktene hadde ansvaret for å fastsetje regelverket, gi godkjenningar og løyve og å føre tilsyn, skriv Riksrevisjonen.

Det har vore gjennomført ei rekke granskingar og utgreiingar, men det er framleis – 45 år seinare – ikkje etablert kven som hadde ansvaret for ulykka.

– På overtid med erstatning

Ei undersøking gjort av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) viser at dei ramma etter Kielland-ulykka har mykje helseplager.

Ifølgje Riksrevisjonen gir ikkje denne undersøkinga ny informasjon om oppfølginga til styresmaktene, men utfyller 2021-rapporten om kva konsekvensar manglande oppfølging frå styresmaktene si side har hatt for dei overlevande og etterlatne.

Då Stortinget på forsommaren bad vaktbikkja ta ein ny runde om ansvaret til styresmaktene for Kielland-ulykka, vedtok nasjonalforsamlinga samtidig ei erstatningsordning for overlevande og etterlatne.

Dét sjølv om regjeringa var imot ei slik ordning. Og i oktober sa regjeringa at det kan dryge til 2027 før pengane kjem.

– No forventar eg at regjeringa legg fram ei god og rettferdig erstatningsordning for Kielland-offera. Det er langt på overtid, skriv Hege Bae Nyholt, stortingsrepresentant for Raudt, i ein e-post til NTB.

Powered by Labrador CMS