nyhende

Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland har ingen planar om nye rundar med partane i lærarkonflikten. Anstrengingane før og gjennom helga for å få dei til å bli samde om ei løysing, førte ikkje fram. Arkivfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland har ingen planar om nye rundar med partane i lærarkonflikten. Anstrengingane før og gjennom helga for å få dei til å bli samde om ei løysing, førte ikkje fram.

Riksmeklaren kastar korta – framleis låst i lærarkonflikten

Konflikten mellom dei streikande lærarane og KS er heilt låst, ifølgje Riksmeklaren. Det er ingen planar om ny mekling.

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: Forsøka før og gjennom helga på å få partane til å bevege seg mot ei løysing på konflikten, førte ikkje fram, skriv VG.

– Det er låst. Vi har hatt møte med partane i det siste. Men no er situasjonen den at det ikkje er planlagt ny mekling, seier riksmeklar Mats Ruland til avisa.

Dermed ligg alt til rette for at lærarane kan gjennomføre den kraftige opptrappinga av streiken tysdag. Då legg ytterlegare 3.000 lærarar ned arbeidet. Det betyr at rundt 6.600 lærarar då vil vere ute i streik i skulane.

Formålet med opptrappinga er å leggje press på motparten, understrekar lærarorganisasjonane.

– Dette gjer vi for å presse KS tilbake til forhandlingsbordet, for å få dei til å bevege seg. Det har vi ikkje lykkast med til no. Vi gjer alt vi kan for å finne ei løysing, slik at vi kan få avslutta streiken så raskt som mogleg, sa leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet til NTB før helga.

– Avviste alt

Etter det NTB fekk opplyst før helga vart det på lærarsida jobba med og vurdert eit konkret tilbod som arbeidsgivar KS meiner møter kravet til lærarane i lønnsoppgjeret.

Handal avviser blankt denne skildringa måndag morgon.

– KS har avvist alle løysingsalternativa våre i prosessane hos Riksmeklaren no. Det er rett og slett ingen vilje til å finne ein veg ut av denne streiken, det er tvert i imot ein motvilje. Eg meiner det er openbert at KS spekulerer i tvungen lønnsnemnd. Barn og elevar må betale prisen for det, seier han til NTB.

Handal påpeikar at hans side har lagt fram fleire forslag til løysingar og tiltak mot mindrelønnsutviklinga for lærarane – også under dei siste anstrengingane hos Riksmeklaren gjennom helga.

Bergen, Bærum, Bryne og Trondheim

Frå før er om lag 3.500 medlemmer av Utdanningsforbundet i streik. I tillegg har Skolenes landsforbund og Norsk Lektorlag teke ut eit 40-tals medlemmer kvar. Lektorlaget tek også ut ytterlegare 17 neste veke.

Frå tysdag går altså rundt 3.000 lærarar til ut i streik. Dei fleste av desse jobbar på skular i Bergen og Bærum, stader som allereie er ramma. Bryne og Trondheim har ikkje hittil vore direkte ramma, men Utdanningsforbundet tek no ut medlemmer også her.

Stader som får mange lærarar i streik neste veke, er Haugesund, Arendal, Bodø, Indre Østfold, Lillestrøm, Molde, Porsgrunn, Tromsø, Gjøvik, Harstad, Steinkjer og Stjørdal.

Det er flest ungdomsskular og vidaregåande skular som blir omfatta. Elevar i første klasse blir også skjerma denne gongen.

Krev meir

Oppgjeret i kommunesektoren, som vart akseptert av alle andre grupper som var omfatta, har ei ramme på 3,84 prosent. Det vil gi alle tilsette eit sentralt tillegg på mellom 12.000 og 16.800 kroner, avhengig av utdanningsnivå og ansiennitet.

Det lærarane reagerer på, er fordelinga innanfor denne ramma. Dei peikar på at dei endå ein gong har fått ein mindre del av kaka, til fordel for andre grupper.

Utdanningsforbundet ønskjer dessutan å prioritere dei lærarane som har lengst utdanning og ansiennitet, og høgast lønn. Desse får eigne tillegg som gjeld frå neste år. Dei fleste lektorar med lengst utdanning og ansiennitet vil etter dette lønnsoppgjeret få godt over 700.000 kroner i årslønn, med stillings- og funksjonstillegg, påpeikar arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS.

Powered by Labrador CMS