nyhende

Rex Garden-gartnaren deler sine beste triks

Rhododendron-knoppane i den folkekjære hagen Rex Garden blømer om dagane, og anleggsgartnaren Thomas Helgesen gjer det han kan for at blomebuskane skal trivast.

Publisert Sist oppdatert

Snart er me halvvegs i den prektige og livskraftige våren, men det er ikkje så mange dagar sidan gradestokken gjekk under nullpunktet.

I månadsskiftet mars – april tok kulda diverre knekken på ein del av rhododendron-blomane i Rex Garden. Desse kjem nok ikkje attende før til neste år, men vårteikna i storhagen er likevel ikkje i manko.

Både humla og sumarfuglen viste seg tidleg i april, og dei fyk truleg rundt i Rex Garden framleis.

Ei teneste for bygda

Rhododendron er ein staude, det vil seia ein fleirårig plante. Han er utan tvil den dominerande veksten i Rex Garden, men der veks òg Magnolia og ulike typar tre.

Det er Thomas Helgesen frå Sveio som forvaltar livet i hagen. I laupet av yrkeskarrieren har han prøvd seg som kokk. Etter kvart fann han ut at han ville noko anna.

No har han drive med hagearbeid sidan 2014, og han angrar ikkje eit sekund.

— Dette er heilt fantastisk, eg kan ikkje klaga. Ingen dagar er like, og ein har alltid noko å gjera, seier Helgesen.

Arbeidet i Rex Garden avheng av årstidene. Per no går det mykje i utplanting, flytting av plantar, fjerning av daude plantar og anna vedlikehaldsarbeid.

Å vera tilsett i Rex Garden er både stort og meiningsfullt, kjenner han.

— Det er kjekt og gjevande å kunna gjera noko fint for bygda og lokalfolket.

Tips, triks og råd

Han tek Vestavind med på ei synfaring i hagen. Anleggsgartnaren sit på mykje kunnskap om kultivering av rhdodendron og har til og med lært seg nokre plantings- og pollineringstriks.

Eitt av triksa inneber å framkalla reine artsfrø, altså ikkje-hybridar. Det gjer ein ved å finna ein knopp som framleis er på ballongstadiet, for så å fjerna kronblada. No står ein att med det såkalla fruktemnet og pollenberarane. Ved å surra litt teip rundt fruktemnet og pollenberarane vil ein få pollenkorna til å treffa arret (mottakaren for pollen) på fruktemnet.

I laupet av nokre veker vil ein sjå om ein har lukkast i frødanninga eller ikkje. Ser ein at det sakte, men sikkert dannar seg eit grønt og lite frøhus, er ein på rett veg. Når frøhusa utover hausten vert brune og byrjar å sprekka, er frøa modne og kan samlast inn.

Eit anna knep gjer seg gjeldande dersom ei av dei nedste greinene på rhododendron-busken ligg tett til bakken. Då kan ein leggja jord oppå greina, og deretter ein solid stein, slik at ein held det heile på plass. Etter kvart vil greina slå rot, og ein har i teorien framkalla eit nytt og sjølvstendig planteemne.

— Under kva omstende trivst rhododendron best?

— Jorda må ikkje vera for våt og kompakt. I tillegg må ein syta for at jorda er sur nok og ikkje har for høg PH-verdi. Me bruker noko som heiter rhododendron-jord, som er særleg tilpassa rhododendron. Ved å strø bork rundt buskane gjev ein dei dessutan godt med fukt. Om våren gjødslar me med litt rhododendron-gjødsel, presiserer Helgesen.

Rhododendron veks seint og krev difor avgrensa med næring. Det er dermed ingen grunn til å peisa på med store mengder gjødsel.

Helgesen legg til at plantar med noko stort bladverk ikkje trivst i sterk vind, og at dei difor må skjermast for sterke vindkast.

Gartnaren har elles eit generelt tips til kvar einskilde hageentusiast.

— Det er naudsynt at ein har tilsyn med plantane og gjev dei regelmessig og godt stell, understrekar han.

Powered by Labrador CMS