nyhende

Revolveren gav Arne Garborg nattesøvnen attende

Inne i eit «hemmeleg» rom i skrivebordet til forfattar Arne Garborg i heimen hans på Labråten i Asker, ligg det ein liten revolver. Våpenet vart kjøpt då diktarhøvdingen frykta for livet sitt i Paris i 1886.

Publisert Sist oppdatert

Jærbuen Garborg budde store delar av livet i semi-urbane omgivnader på Labråten. I år er det 100 år sidan diktaren gjekk bort. Eigedommen er i dag ein del av Asker museum, og museumsstyrar Fredrikke Hegnar von Ubisch tek oss med opp i det kombinerte arbeids- og soverommet til Garborg.

Inne i skatollet på skrivebordet er det eit lite rom ein ikkje ser ved første augekast. Her ligg revolveren diktaren kjøpte i den franske hovudstaden. Det skjedde i 1886, då Garborg var på ei stipendreise. Paris var prega av grov valdskriminalitet og mange drap i denne perioden og Garborg var rett og slett redd for livet sitt. Så redd at han ikkje fekk sove om natta.

– Fulle av lik og blod

Slik skildrar han det sjølv i reisebrevet «Soveraader, sendt frå Paris og trykt som følgjetong i avisa Fedraheimen 13.–20. februar 1886. Seinare har Garborgsenteret på Jæren gitt ut «Soveraader» på nytt.

«I dei siste åtte dagane har dei hatt det med å slå kvarandre i hel. Det var eit nytt mord kvar dag, og stundom vel så det, og alle blad var fulle av lik og blod og knivar og styggedom.»

Ikkje så rart, kanskje, at den elles så fredsæle nordmannen fann det naudsynt å gå til innkjøp av eit våpen han kunne forsvare seg med. Så vidt ein veit fekk han aldri bruk for den vesle revolveren.

– Det var forresten to kunstnarvener, målarane Kitty Kielland og Harriet Backer som var med han i våpenforretninga for å kjøpe våpenet. Dei var begge busette i Paris i perioden då Garborg var der, og han var mykje saman med dei under opphaldet, fortel museumsstyraren.

Fredrikke Hegnar von Ubisch fortrur oss at ho ikkje likar så godt å markere jubileum for dødsfall, men at dei likevel vil ha ein del Garborg-markeringar i 2024 ved Asker museum.

Målkroken

Arne Garborg var alt ein etablert forfattar og omsetjar då han saman med Hulda og sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg, som vart kalla Tuften, flytta til Asker, etter invitasjon frå venene Marta og Rasmus Steinsvik, som også budde like ved. Snart vart Labråten ein samlingsstad for det som seinare fekk namnet «Asker-kretsen».

Naboane på Hvalstad gav også området namnet Målkroken, fordi det var mange nynorskfolk, eller landsmålsfolk som dei sa den gongen, som budde der.

Dette vesle og skiftande miljøet med Labråten som samlingsstad bygde på den riksdekkjande landsmålsavisa Den 17de Mai og Det Norske Teatret, dei reetablerte også folkedans og bunadtradisjonen. Dessutan sette dei i verk ei rad større omsetjingsprosjekt av storverk, frå Homer til Holberg, til nynorsk.

Vaks opp på Jæren

Arne Garborg, som eigentleg var fødd Aadne Eivindsson, vaks opp på ein typisk jærgard. Han var odelsgut, men det vart tidleg klart for han at han ikkje skulle ta over garden. Faren utvikla seg til å bli ein fanatisk pietist med eit svart syn på livet, der det meste vart rekna som synd. Han tok også sonen ut av skulen av den grunn.

Faren tok livet sitt då Arne var 17 år gammal. Hulda Garborg meinte at Arne bar på ei skuldkjensle for dette sjølvmordet heile livet. Andre meiner at han fekk «fred» då han skreiv romanen Fred.

Barndomsheimen er skildra i fleire av bøkene hans, blant anna i Bondestudentar (1883), Fred (1892), Haugtussa (1895), Den burtkomne Faderen (1899) og Knudaheibrev (1904).

– Ein fritenkjar

– Med den bakgrunnen er det nesten rart at Arne Garborg ikkje møtte fanatismen med ein ny fanatisme. Men han handterer dei vonde opplevingane ved at det kjem gode bøker av det. Han klarer å undre seg over desse tinga i staden. Han var ein sann fritenkjar. Men då han sa frå seg odelen og forlèt Jæren 16 år gammal, sa han at han flytta frå det svarte fastland, seier Fredrikke Hegnar von Ubisch.

Ho legg til at Arne Garborg hadde ein god barndom, heilt til faren vart ramma av det han kalla svartsjuka.

Fredrikke Hegnar von Ubisch snakkar varmt om vidsynet og toleransen til Garborg, men på eitt punkt hadde han ei lita kortslutning. Det gjaldt språket til sonen «Tuften». Diktaren likte dårleg at han snakka Asker-dialekt, slik dei andre borna i området gjorde. Det likna litt for mykje på riksmål, meinte Garborg.

– Han likte dårleg det riksmålsnære språket til sonen, men då måtte Hulda gripe inn. Ho sette hardt mot hardt og ho trua med å flytte ut, om han ikkje gav seg med å kritisere talemålet til Tuften. Då kom Garborg til fornuft, og far og son fekk eit godt forhold igjen, fortel ho.

Powered by Labrador CMS