nyhende

Revebesøk på Lid

Etter ei god natt i skogkanten gjekk Rita Lie og dottera inn i huset for å laga seg frukost. Då dei kom ut døra igjen var det kome besøk.

Publisert Sist oppdatert

– Me har hatt hoggorm på terrassen, men ikkje rev, ler Rita. Ho er oppvaksen i Sveio, og var på besøk hos foreldra då ho og eldstedottera Lisa (25) hang opp kvar si hengekøye mellom grantrea utanfor barndomsheimen ein kveld i juli.

Natta gjekk godt og sola skein då dei vakna. Etter at dei hadde laga frukost innomhus gjekk dei ut og fekk auge på gjesten, som då stod på terrassen.
– Han stod heilt i ro og kikka på meg, så snudde han seg roleg rundt og luska seg opp bak ei bod, og gjekk deretter til hengekøyene. Eg har aldri sett ein rev så nær, så det var litt spesielt, seier Rita. Foreldra hennar har heller ikkje sett rev så nære.
– Pappa fortalde at revar som går så nær folk gjerne oppfører seg rart på grunn av sjukdom, men denne såg ut til å akkurat slik ein rev skal vera.

Kan vera sjuk

Viltansvarleg i Sveio kommune, Dagfinn Bjørge deler sine reve-kunnskapar med lokalavisa.

– Reven er sky og trekkjer seg tilbake når den ser menneske. Unntak finst, det kan vera ulike årsaker til det. Ein grunn kan vera sjukdom, til dømes reveskabb, som gjer den nærsøkande til folk og hus. Eg ville fått den jaga bort, eller fått ein jegar til å fella dyret. Dette på grunn av sjukdom som reven kan smitta over til hund, mellom anna. Reven seier heller ikkje nei takk til eit kattemåltid, seier Bjørge.

Vil få den felt

Det er eit ønskje frå viltforvaltninga å halda revebestanden nede, mellom anna grunna på grunn av skadene reven kan påføra saueproduksjonen.

Med det sagt, ønskjer viltnemnda i Sveio å få reven felt, og har dialog med Eirik Østerhaug som bur i nærleiken. Han kan kontaktast om nokon observerer rev på Lid og omeign.

– Er det fleire rev i området bør desse fellast. For ordens skuld skal ein ha løyve frå grunneigar for å felle vilt, seier Bjørge. Han er klar over at det finnest dei som synest at revar er flotte å sjå på og ønskjer dei tett på, men minner om at reven er vilt og at me menneske ikkje skal prøve å temma dei.

Revejakta varer frå 16. august til 14. april.

Powered by Labrador CMS