Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
– Responsen i etterkant har vore enorm!
Me har fått ein heilt enorm respons i etterkant – både i og utanfor korpsmiljøet – om at dette er noko som både engasjerer, motiverer og inspirerer mange barn, såvel som foreldre rundt om i landet.
Laurdag for ei veke sidan var det klart for den første av fem delfinalar i Melodi Grand Prix 2021. Til slutt var det klart at det var det klart at det var Blåsemafian ft. Hazel som sikra seg ein plass i MGP-finalen i februar.
– Det er heilt fantastisk, og me er utruleg takksame! Først og fremst vil me retta ei stor takk til alle der heime i Sveio som stemte oss fram. Det har vore heilt rørande! seier Stig Espen Hundsnes i ein kommentar til Vestavind.
Aktiv på Facebook
Blåsemafiaen består i tillegg til han sjølv, av Sigurd Evensen (27) og Jørgen Lund Karlsen (27). I sitt bidrag har dei også med Caroline «Hazel» Teigen.
– Me har jobba veldig målretta i fleire månadar med dette, og under TV-sendinga laurdagskvelden fekk me endeleg visa alt me har jobba med, seier Hundsnes.
Han håpar alle vil halda fram med å følgja dei vidare, og han vil oppfordra til å bli med i Facebook-gruppa deira «Blåsemafian feat. Hazel MGP 2021».
– Der vil me leggja ut mykje gøy i vekene fram mot finalen, seier trompetisten.
– Me vil bruka vårt MGP-bidrag til å fronta våre verdiar, som stammar frå korpsrøyrsla: fellesskap, samhald og meistring, fortel musikarane.