nyhende

– Reparatørane er førstelinetenesta i det grøne skiftet

Noreg er blitt eit sløsesamfunn og mykje av årsaka er at reparatørane som yrkesgruppe blir undertrykte, meiner biolog, MDG-politikar og forfattar Marte Ulltveit-Moe.

Publisert Sist oppdatert

– Alle er jo for reparatørane. Det finst ingen som er mot dei. Men kvifor er dei da så lite synlege i samfunnet? spør Marte Ulltveit-Moe.

Ho er folkevalt for Miljøpartiet Dei Grøne i bystyret i Kristiansand. Det lokalpolitiske arbeidet fekk henne til å stille spørsmålet «Kvar er reparatørane?». Svara ho fann har no blitt til boka «Kan det fikses? Hvordan Norge kan bli et reparatørsamfunn».

Meir reparasjon og gjenbruk

– Eg vil hylle reparatørane. Det er dei som er førstelinetenesta i det grøne skiftet, seier ho til Nynorsk pressekontor, som møter henne på folkeverkstaden på biblioteket Deichman i Oslo.

Her kan folk kome og låne utstyr som symaskiner og klippebord heilt gratis – folk kan reparere tinga sine. Det er eit tilbod i Ulltveit-Moes ånd.

Ho er lidenskapleg oppteken av å bidra til at samfunnet blir prega av meir reparasjon og gjenbruk, men meiner det økonomiske systemet vårt ikkje legg til rette for dette.

«Sløsesamfunn»

Ulltveit-Moe meiner at vendepunktet for Noreg som reparasjonssamfunn kom for omtrent femti år sidan, då vi fann oljen. Jo rikare landet blei, jo meir bruk-og-kast-mentalitet voks fram.

– Slik situasjonen er i dag er det enkelt å kaste, enkelt å kjøpe nytt og vanskeleg og dyrt å finne reparatørar, seier Ulltveit-Moe.

No vil ho at «sløsesamfunnet» Noreg, der kvar enkelt kastar to tonn avfall kvart år, på nytt skal bli eit «reparatørsamfunn». Ulltveit-Moe meiner denne forandringa er viktig av fem grunnar: For beredskap, klima, sparing av naturresursar, støtte av lokale arbeidsplassar og varetaking av kompetanse.

– Ved å nytte seg av reparatørar støttar ein lokale arbeidsplassar og bidreg til eit blomstrande lokalsamfunn, seier ho og legg til:

– Men ofte er reperasjonsbedriftane små, uorganiserte og held til i bortgøymde lokale.

Frå stovebordet til eiga bedrift

Fredrik Løvstad er ein av Noregs representantar for det Ulltveit-Moe kallar førstelinetenesta i det grøne skiftet. Då han utdanna seg som tømrar, begynte han òg å skru på øydelagde mobilar på stovebordet. Med hjelp av Google og YouTube lærte han seg å reparere små elektroniske artiklar.

– Då såg eg at det vere eit behov for slike tenester og starta derfor firmaet iHospital i 2015, fortel Løvstad.

Bortgøymd i eit industriområde i Oslo held han og fem tilsette til. Dei tilbyr reparasjon av til dømes knuste iPhonar og nedsøla PC-ar.

– Mange barn har Ipad, ler Løvstad.

Fredrik Løvstad driv reparatørbedrifta iHospital.

Sjå til Sverige

Alle tilsette i den vesle bedrifta har same bakgrunn – dei er sjølvlærte og genuint interesserte i det dei held på med.

– Det er veldig gøy når ein kunde til dømes kjem med ein øydelagd telefon og har fått beskjed om at han aldri kjem til å sjå att bilda sine, men så klarer vi å reparere og opprette filene att.

Trass i at Løvstad og kollegaene er glade i jobben sin, er det grep som kunne gjort det enklare å reparere for både dei og kundane.

– Noreg burde la seg inspirere av Sverige. Der har prosenten moms på reperasjasjonstenester blitt senka. På den måten kunne det blitt billigare å reparere og fleire kunne nytta seg av det, meiner Løvstad.

Meir å gjera etter pandemien

Òg Bayram Kayali meiner momsen for reparatørar – på 25 prosent – er for høg. Han er skomakar og har hatt verksemda Sofies rens i Oslo i ti år. Dei tilbyr mellom anna skreddar- og skomakartenester.

– Alle slags folk kjem hit for å reparere, seier Kayali og legg til at det ofte er reparasjon av hol i bukseskrittet, byte av glidelås og opplegging og nedlegging av buksebein kundar treng hjelp med.

Forretningseigaren kan fortelje at det før pandemien var veldig lite reparasjonsarbeid, men at det blei ein større etterspurnad etterpå.

– Det trur eg kan handle om ein dårlegare økonomi. Ein ser mellom anna at mange i etterkant av pandemien i større grad kjøper klede på bruktbutikk som dei deretter ønskjer å reparere eller tilpasse hos oss.

Reparasjon med kjærleik

Kayali meiner rett nok at endå fleire burde reparere tinga sine.

– No når det nærmar seg 17. mai er det mange som til dømes kjem for å reparere bunadssko. Dei er ofte arva og kanskje 60 år gamle, fortel han med eit smil om munnen.

Kayali tenkjer at folk burde vise slik type kjærleik og vilje til å ta vare på fleire av tinga dei eig. Sjølv er han lidenskapleg oppteken av arbeidet han gjer som skomakar.

– Når eg skal reparere ein sko, vil eg gjere det på aller beste måte. Ikkje berre få det gjort kjapt og enkelt, men eg reparerer med kjærleik.

Bayram Kayali er skomakar og eigar av Sofies rens.

Momskutt og vinmonopolmodell

– Eg trur vi kan bli eit reparasjonssamfunn igjen, men då må endringar skje i heile systemet vårt, seier Ulltveit-Moe.

Ho meiner til liks med Løvstad og Kayali at momsfritak for dei om lag 130.000 reparatørarbeidsplassane i Noreg, er eit viktig steg i retning mot eit samfunn med mindre sløsing.

– Det er til og med momsfritak på å kjøpe aksjar. Kven tener på det? Jo, dei rike som har råd til å kjøpe aksjar. Men den vesle systova som skiftar glidelåsar og syr inn kjolar må betale moms, seier Ulltveit Moe tydeleg opprørt.

Ho meiner òg det kan vere nyttig å sjå til Vinmonopolet for inspirasjon.

– Vinmonopolet var eit tiltak som blei innført for å få mengda alkohol ned og kvaliteten opp. Liknande regulering burde vi prøve for klede og elektronikk, så vi kjøper mindre og det vi kjøper varer lengre og blir enklare å reparere.

Forslag om lov- og skatteendringar

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) er einig i at vi heile tida bør jobbe for å bruke tinga våre så lengje som mogleg, og at reparasjon då er eit godt tiltak.

– Regjeringa vil spare på ressursane og bruke mest mogleg om att. Mellom anna difor har vi lagt fram eit forslag til ei ny lov om berekraftige produkt og verdikjeder og ein handlingsplan for sirkulær økonomi, skriv han i ein e-post til Nynorsk pressekontor då vi spør om tiltak for å gjere reparasjon lettare.

Forslaget inneber mellom anna at visse elektronikkprodukt, slik som elektroniske skjermar, skal kunne brukast lenger og bli lettare å reparere.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Skeptisk minister

Å ta inspirasjon frå Vinmonopolet er ministeren rett nok skeptisk til.

– Vinmonopolet har sin eigen historikk og grunngjeving. Vi ønskjer å sette i verk sterke verkemiddel for å fremje endringar i økonomien i ei meir sirkulær retning med meir berekraftig produksjons- og forbruksmønster.

Når det gjeld momskutt kan Tore O. Sandvik, statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, fortelje at det no er sett ned ei ekspertgruppe som mellom anna skal vurdere skatte- og avgiftsendringar som kan oppmuntre til gjenbruk, ombruk, reparasjon og resirkulering.

– Så snart denne rapporten ligg føre vil vi ta stilling til kva som blir dei neste grepa vi vil gjennomføre, skriv han i ein e-post til NPK.

– Alle er viktige

Trass at Ulltveit-Moe ikkje er nøgd med reparatørane sin posisjon i samfunnet og handteringa av det på eit politisk nivå, er ho oppteken av å oppmuntre enkeltindivida.

– Med boka mi vil eg seie til vanlege folk at det ikkje er dei det er noko gale med. Du som kjenner deg litt teit når du spør om noko kan reparerast, har ikkje skulda for at Noreg er eit sløseland. Den økonomiske strukturen er laga for at alle skal kjøpe og kaste.

Marte Ulltveit-Moe vil òg formidle at alle er viktige og at alle trengst for at vi skal bli eit reparasjonssamfunn, mellom anna ved å nytte den kunnskapen vi har.

– Det er viktig at du syr den lause knappen eller lærer bort sykunnskapen, seier Ulltveit-Moe.

I tillegg meiner ho at kunnskap og tankar kan vere verdt å dele på ulike plattformer.

– Til dømes kan alle som har jobb, foreslå løysingar om korleis fleire ting på arbeidsplassen deira kan takast vare på og reparerast.

Powered by Labrador CMS