Rema 1000 har hatt nulltoleranse for palmeolje i mat sidan 2014. Men mangel på den sunnare og meir miljøvennlege solsikkeoljen kan føre til at butikkjeda godtar palmeolje igjen.FOTO: NPK
NPK-NTB: Rema 1000 opnar for å la palmeolje mellombels erstatte solsikkeolje i fleire matvarer som følgje av mangel på grunn av Ukraina-krigen.
Daglegvarekjeda har hatt nulltoleranse for palmeolje i produkta sidan 2014. Men no er det mangel på solsikkeolje på grunn av krigen i Ukraina, den største eksportøren i verda av solsikkefrø.
– Dersom leverandørar har behov for å nytte palmeolje, som erstatning på grunn av Ukraina-krigen, vil vi kunne vurdere eit mellombels unntak frå policyen vår i ein avgrensa periode, seier kvalitetssjef Martina Rabsch i Rema 1000 til NRK.
Solsikkeolje er sunnare og meir miljøvennleg enn palmeolje. Matvareprodusenten Orkla er blant dei som vil byrje å bruke palmeolje igjen.
Kjeda presiserer at ho berre vil akseptere palmeolje dersom det ikkje finst andre alternativ som kan brukast, som gir same smak og konsistens.
– Vi forventar at leverandørar først og fremst prøver å nytte andre råvarer framfor palmeolje så langt det let seg gjere. I unntakstilfella vil vi krevje dokumentasjon som viser at det ikkje er mogleg å oppdrive ein annan type passande olje som ikkje gjer smaken eller konsistensen av produktet dårlegare, seier Rema 1000 til NTB.
Dersom det blir gitt dispensasjon, vil han berre gjelde for tre månader av gongen med tett oppfølging mot leverandør, og Rema 1000 vil krevje at olja er sertifisert og sporbar.
– Per i dag er ikkje denne problemstillinga omfattande, melder matvarekjeda.